Semestre

NO322 Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk 2

Emnekode: 
NO322
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Norwegian as a second language and multicultural pedagogy 2
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
NO321 Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk 1
Om emnet

Emnet er andre del av studiet Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk. Emnet er konsentrert om temaa norsk i eit kontrastivt perspektiv, utvikling av munnlege og skriftlege ferdigheiter i eit andrespråksperspektiv, mangfaldsperspektiver på oppvekst og læring, antirasisme og bruk av barne- og ungdomslitteratur i ein fleirkulturell skule og barnehage. Det faglege innhaldet skal gje eit teoretisk og didaktisk grunnlag for å kunne bidra til realiseringa av ein inkluderande fleirkulturell skule og barnehage.

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha grundige kunnskapar om:

  • norsk i eit andrespråksperspektiv, andrespråkslæring og andrespråksundervisning 
  • utvikling av munnleg kompetanse i eit andrespråksperspektiv
  • skriveforsking og utvikling av skriftlege ferdigheiter i eit andrespråksperspektiv
  • kultur, sosialisering, identitetsdanning og samarbeidsrelasjonar mellom heimar, skule og barnehage i ein fleirkulturell kontekst
  • rasisme og korleis ein kan utvikle eit antirasistisk læringsmiljø
  • bruk av litteratur i haldningsarbeid og norskopplæring
  • bruk av læremiddel/pedagogiske opplegg i ein fleirkulturell skule/barnehage
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • utvikle læringsmiljøet i barnehage og skule på måtar som er tilpassa språkleg og kulturelt mangfald
  • meistre andrespråksdidaktikk for tilpassa munnleg og skriftleg opplæring
  • nytte språkleg og kulturell kunnskap som ressurs for alle born, unge og vaksne i eit læringsmiljø
  • førebygge og avdekke rasisme og sette i gang relevante tiltak for å hindre fordommar, diskriminering og rasisme
  • analysere og vurdere litteratur, læreverk og pedagogiske opplegg i eit andrespråks- og fleirkulturelt perspektiv
  • uttrykkje seg godt på norsk i både munnlege og skriftlege faglege framleggingar
Generell kompetanse

Studenten kan:

  • engasjere seg i og initiere utviklinga av antirasistisk og tilpassa opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er fordelt på fem samlingar, som kvar gong går over to heile dagar. Arbeidsformene vil variere mellom førelesingar, analyse og drøfting av faglitteratur og døme frå praksisfeltet, studentseminar, gruppearbeid og fagskriving. Studentane må ha tilgong til, og kunne gjere seg nytte av IKT-verkty. For studentar som tek studiet som del av grunnskulelærarutdanninga, sjå gjeldande praksisplan for utdanninga.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

       •   Obligatorisk frammøte på samlingane 

       •   Ein munnleg og digital presentasjon i gruppe

       •   Ei individuell skriftleg oppgåve på 1200 - 2000 ord​​

  •  Deltaking i alle saminara knytt til arbeidskrav

For å kunne gå opp til eksamen i emnet er det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende. Studentar som har fått underkjent arbeidskrav knytt til seminararbeid eller notatskriving, kan få eitt nytt forsøk. Det er faglærarane som godkjenner arbeidskrava. For krav om obligatorisk frammøte, sjå føreskriftene ved HVO.

Sensorordning
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Birgitte Fondevik
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk - vidareutdanning på masternivå
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
29 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
pdf.fil
Pensumlitteratur
min1500- maks 2000
Godkjent av: 
Arne Myklebust