Semestre

NYN301 Skriftkultur. Ei innføring

Emnekode: 
NYN301
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Introduction to Literacy Studies
Emnenavn på bokmål: 
Skriftkultur. En innføring
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Målet med emnet er å gi ei grundig innføring i den tekniske og sosiale historia til skrifta frå opphavet til den seinaste tida. Emnet gir også ei innføring i dei sosiale følgjene som skrifta har fått i sine ulike utformingar. Vi ser på korleis skriftleggjering av sentrale samfunnsfunksjonar heng saman med modernisering, samtidig som det viser seg at den europeiske vegen til skriftkulturell modernisering berre er éin av fleire eksisterande vegar dit. Emnet tek opp særleg kva høve skrifta gir for maktutøving, og korleis innføringa av skrift skapte nye sosiale klasser. Særleg den moderne nasjonen var eit produkt av skriftleggjorde talespråk. Den siste delen av emnet handlar om korleis nynorsken frå Aasen og framover har vore eit ekstremt døme på talespråkleg legitimering av eit skriftmål, samtidig som han i motsetning til bokmålet har følgt eit heller vanleg europeisk mønster for skriftfesting av eit talemål. Saman med emnet Vitskapsteori og metode (NYN302) gir dette emnet eit godt grunnlag til å ta valemna i mastergraden i nynorsk skriftkultur, og til å begynne på masteroppgåva.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har inngåande kunnskap om

  • kva ein skriftkultur er
  • den tekniske utviklinga av skrifta
  • korleis skrifta har danna grunnlag for ulike typar maktutøving og klasseforhold
  • korleis skrifta har fungert i høve til sosial modernisering
  • særtrekka ved den nynorske skriftkulturen
Ferdigheiter

Studenten kan

  • forklare grunndraga i utviklinga av skrifta frå dei første alfabeta og til den elektroniske kommunikasjonens tidsalder
  • kan plassere nynorsken i den allmenne skriftkulturhistoria
Generell kompetanse

Studenten kan

  • sjå og følgje argumentative trådar gjennom eit stort og uoversiktleg informasjonstilfang
  • samanfatte argument på ein klar og logisk måte
  • skrive klar og lettfatteleg akademisk sakprosa på korrekt nynorsk
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Tre vekesamlingar i haustsemesteret med førelesingar. Kvart tema vert dekt av ein dobbelttime førelesing. Studentane må òg rekne med å få tildelt arbeidsoppgåver som dei må løyse mellom vekesamlingane.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Ingen.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Arne Apelseth
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur
  • Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Skal skrivast på nynorsk.
Ingen