Semestre

NYNMGOPPG Masteroppgåve

Emnekode: 
NYNMGOPPG
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
60
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2015 Haust
2016 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Master`s thesis
Emnenavn på bokmål: 
Masteroppgåve
Eksamenssemester: 
2015 Haust
2016 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

NYN301 og NYN302 

Om emnet

Masteroppgåva har eit omfang på 60 studiepoeng. Oppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid der kandidaten syner innsikt i relevante og aktuelle teoriar og metodar. Studentane står fritt til å velje emne, men instituttet kjem gjerne med innspel og råd. Dersom studenten vil, kan ein knyte oppgåva opp mot eit eksisterande forskingsprosjekt, eller til forskings- og utgreiingsarbeid som går føre seg ved andre institusjonar, normalt i det offentlege eller i målrørsla. Instituttet formidlar gjerne vidare slike forskingsoppdrag frå eksterne institusjonar.Arbeidet med masteroppgåva kan studentane gjere ved Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur, eller ved at ein knyter seg til andre institusjonar, etter nærmare avtale.For heiltidsstudentar vil eit eventuelt opphald i utlandet normalt kome i tredje semester, for deltidsstudentar etter behov.Masteroppgåva går over to semester for heiltidsstudentar og fire semester for deltidsstudentar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har inngåande kunnskap om relevant teoretisk og metodisk basis for vitskapleg arbeid

Studenten har inngåande kunnskap om relevant teori og sekundærlitteratur for oppgåva

Ferdigheiter

Studenten kan nytte kjeldestudium og relevant litteratur til løysing av ei vitskapleg problemstilling

Generell kompetanse

Studenten kan reflektere kritisk over relevant faglitteratur byggje opp ein skriftleg argumentasjon på ein klar, logisk og forståeleg måte

Studenten kan bruke og vise til kjeldemateriale på ein konsekvent, tydeleg og logisk måte

Studenten kan skrive klar og lettfatteleg akademisk sakprosa på korrekt nynorsk

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studenten føreslår eit tema for masteroppgåva i samråd med Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur innan 15. februar i det første studieåret. Tema/ tittel vert godkjent av instituttet innan 1. mars. Rettleiar for masteroppgåva vert tildelt seinast 15. april, og samarbeidet tek formelt til i haustsemesteret. Arbeidsmåten og ein framdriftsplan vert avtalt mellom rettleiar og student.Det vert arrangert oppgåveseminar kvart semester der studentane kan presentere og drøfte prosjektet sitt, og elles få rettleiing i teori- og metodeproblem. Oppgåveseminara er ikkje obligatoriske, men vi rår til at studentane bruker dette tilbodet i størst mogeleg grad.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Ingen.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Arne Apelseth
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Masteroppgåve
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av tre eksamensdelar:1. Masteroppgåva. Denne skal ha eit omfang på 35 000 – 40 000 ord (om lag 100 sider) med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift. Notar, tabellar, bibliografi og vedlegg kjem i tillegg. Oppgåva får ein førebels bokstavkarakter.2. Prøveførelesing. Etter at studenten har levert masteroppgåva, skal han eller ho opp til munnleg prøveførelesing på 45 minutt over eit gjeve tema. Prøveførelesinga vert vurdert til stått eller ikkje stått.3. Munnleg justerande eksamen der masteroppgåva skal forsvarast. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet.Både oppgåva og prøveforelesinga må vere stått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen. Alle eksamensdelane blir evaluerte av éin og same kommisjon med minst to medlemer.

Godkjent av: 
Arne Apelseth