Semestre

NYNMGOPPG Masteroppgåve

Emnekode: 
NYNMGOPPG
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
60
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2017 Haust
2018 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Master`s thesis
Emnenavn på bokmål: 
Masteroppgåve
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

NYN301 og NYN302 

Om emnet

Masteroppgåva har eit omfang på 60 studiepoeng. Oppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid der kandidaten syner innsikt i relevante og aktuelle teoriar og metodar. Studentane står fritt til å velje emne, men instituttet kjem gjerne med innspel og råd. Dersom studenten vil, kan ein knyte oppgåva opp mot eit eksisterande forskingsprosjekt, eller til forskings- og utgreiingsarbeid som går føre seg ved andre institusjonar, normalt i det offentlege eller i målrørsla. Instituttet formidlar gjerne vidare slike forskingsoppdrag frå eksterne institusjonar. Arbeidet med masteroppgåva kan studentane gjere ved Institutt for språk og litteratur, eller ved at ein knyter seg til andre institusjonar etter nærare avtale.

For heiltidsstudentar vil eit eventuelt opphald i utlandet normalt kome i tredje semester, for deltidsstudentar etter behov.

Masteroppgåva går over to semester for heiltidsstudentar og fire semester for deltidsstudentar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har inngåande kunnskap om

  • relevant teoretisk og metodisk basis for vitskapleg arbeid 
  • relevant teori og sekundærlitteratur for oppgåva
Ferdigheiter

Studenten kan

  • nytte kjeldestudium og relevant litteratur til løysing av ei vitskapleg problemstilling
Generell kompetanse

Studenten kan

  • reflektere kritisk over relevant faglitteratur 
  • byggje opp ein skriftleg argumentasjon på ein klar, logisk og forståeleg måte
  • bruke og vise til kjeldemateriale på ein konsekvent og tydeleg måte 
  • skrive klar og lettfatteleg akademisk sakprosa på korrekt nynorsk
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studenten føreslår eit tema for masteroppgåva i samråd med Institutt for språk og litteratur innan 15. februar i det første studieåret. Tema / tittel vert godkjent av instituttet innan 1. mars. Rettleiar for masteroppgåva vert tildelt seinast 15. april, og samarbeidet tek formelt til i haustsemesteret.

Arbeidsmåten vert avtalt mellom rettleiar og student, og studenten har rett til inntil 20 timars rettleiing i løpet av den tida han eller ho arbeider med oppgåva. Det vert arrangert to oppgåveseminar kvart semester der studentane kan presentere og drøfte prosjektet sitt, og elles få rettleiing i teori- og metodeproblem. Oppgåveseminara er ikkje obligatoriske, men vi rår til at studentane bruker dette tilbodet i størst mogeleg grad.

Rettleiing av masteroppgåva vil i prinsippet bli gjeve innanfor normert studietid, dvs. 1 år for heiltidsstudentar og 2 år for deltidsstudentar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Etter at studenten har levert og fått godkjent masteroppgåva, skal han eller ho opp til munnleg prøveførelesing over eit gjeve emne på 45 minuttar. Denne prøveførelesinga må vere godkjent av den same kommisjonen som vurderer oppgåva, men ho skal ikkje telje med i den endelege karakteren. 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.(http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Stig Jarle Helset
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Masteroppgåve
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av tre eksamensdelar:
1. Masteroppgåva. Denne skal ha eit omfang på 35 000 – 40 000 ord (om lag 100 sider) med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift. Notar, tabellar, bibliografi og vedlegg kjem i tillegg. Oppgåva får ein førebels bokstavkarakter.
Presentasjon
Individuell
45 minutt
Stått eller ikkje stått
2. Prøveforelesing. Etter at studenten har levert masteroppgåva skal han eller ho opp til munnleg prøveforelesing på 45 minutt over eit gjeve tema. Prøveforelesinga vert vurdert til stått eller ikkje stått.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
3. Munnleg justerande eksamen der masteroppgåva skal forsvarast. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet. Både oppgåva og prøveforelesinga må vere stått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen. Alle eksamensdelane blir evaluerte av éin og same kommisjon med minst to medlemer.
Godkjent av: 
apelseth