Semestre

PPU-DID1ME Didaktikk 1 Mediefag

Emnekode: 
PPU-DID1ME
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet har fokus på medielærarrolla og på mediefag i skulen. Studenten skal utvikle kunnskap om innhald i skulefaget før og no, og om arbeidsmåtar, vurdering og grunngjevingar for læringsarbeid i faget. Læreplananalyse og kritisk vurdering av kunnskapsgrunnlag for faget som grunnlag for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning står sentralt.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om: 

  • Mediefaget sin eigenart og mangfald, og dei utfordringane og moglegheitene dette gir som medielærar
  • Mediefaget sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen
  • Undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt
Ferdigheiter

Studenten kan: 

  • Analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til mediefaget sin plass i skulen
  • Planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i mediefaget, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov
  • Leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar
Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • Vise og utøve ein sjølvstendig og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt  

  • Orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga vert gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle fag (spesifikk fagdidaktikk). Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing. 

Krav om eigen datamaskin:

Du lyt ha eigen bærbar datamaskin (Pc / Mac) med eit oppdatert operativsystem og administrative rettar(https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2016-06-27-821).

Datamaskinen bør kunne importere, bearbeide og lagre lyd, bilete og videoklipp (i minimum full HD - 1920x1080p).

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til undervisning og andre læringsaktivitetar knytt til emnet.  Les om frammøtekrav i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Frammøtekrav gjeld undervisninga både i spesifikk fagdidaktikk og felles fagdidaktikk. 

Arbeidskrav:

Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart. 

Del A) Levere eit arbeid knytt til undervisning og aktuelle fagdidaktiske problemstillingar i primærfaget. 

Del B) Alternativ 1 er for studentar med berre eitt undervisningsfag (berre primærfag). Alternativ 2 er for studentar med to undervisningsfag (både primærfag og sekundærfag). 

Alternativ 1: Gjennomføre eitt didaktisk arbeid knytt til faglærarrolla i primærfaget. Arbeidsmengde skal tilsvare arbeidsmengde for alternativ 2.

Alternativ 2: Godkjent 80% frammøte i undervisning knytt til sekundærfag, tildelt gjennom opptaksbrev.

Vilkår for å fremstille seg til eksamen i PPU-PED1 Pedagogikk 1 må være oppfylt for å fremstille seg til eksamen. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Stian Cornelius Fagerlid
Synnøve Hedemann Amdam
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Eksamen består av to delar, der ein del er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk, og ein del grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk.
Tilsvarande inntil 4000 ord
Godkjent av: 
Silje Ims Lied