Semestre

PPU-DID1ME Didaktikk 1 Mediefag

Emnekode: 
PPU-DID1ME
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er ein del av praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag, og må sjåast i samanheng med pedagogikk og praksis. Dei to emna i fagdidaktikk inngår som ein heilskapleg del av studiet praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag. Gjennom tverrfaglege modular i undervisningsplanen vert det synleggjort korleis emna i fagdidaktikk, pedagogikk og praksis samarbeider. Det første emnet i didaktikk er, saman med dei første emna i pedagogikk og praksis organisert rundt modulane 1, 2, 3 og 4. 

Emnet skal, saman med det andre fagdidaktikkemnet, gje kunnskap om eigne undervisningsfag sin plass i skulen, utbreiing, progresjon og grunngjeving. Emnet skal gje innsikt i korleis relevant forsking kan bidra til formidling og tilrettelegging for læring i aktuelle fag. Gjennom fagdidaktikkundervisninga skal studenten få kunnskap om, og innsikt i eit breitt spekter av undervisningsstrategiar, læremiddel og arbeidsmetodar i aktuelle fag.  

Ein del av undervisninga i emnet vert gitt under overskrifta “Felles fagdidaktikk”, medan i andre delar av undervisninga vil studenten vere i eigne undervisningsgrupper knytt til dei ulike undervisningsfaga studenten har undervisningskompetanse i. Detaljar rundt dette vil gå fram av Praksis og samlingsruta og undervisningsplanar for dei ulike faga. 

Studentar med undervisningskompetanse i eitt undervisningsfag skal spesialisere seg i fagdidaktikken for dette faget, gjennom deltaking i undervisning, rettleiing, litteraturstudie og oppgåveskriving. Studentar med opptak med to fag skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter i begge faga. Sjå under arbeidskrav for korleis dette vert gjort. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha: 

  • Kunnskap om fagleg danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, bærekraftig utvikling, mangfold, likestilling og likeverd. 
  • Kunnskap om barn og unge si utvikling, motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i aktuelle fag,  
  • Kunnskap om samanheng mellom individuelle, sosiale, kulturelle og fagspesifikke forhold i arbeidet med tilpassa opplæring.  
  • Kunnskap om aktuelle undervisningsfag sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen 
  • Kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt  
  • Kunnskap om korleis praktiske, digitale, skapande og estetiske læreprosessar kan påverke helse, trivsel og læring 
Ferdigheiter

Studenten: 

  • Kan analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til aktuelle fag sin plass i skulen 
  • Kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i aktuelle fag, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov  
  • Kan bruke ulike metodar i undervisninga, og tilpasse opplæringa i faget slik at den tek omsyn til eleven sitt ulike læringstempo, interesse for faget og evne til kritisk tenking 
  • Kan bruke digitale ressurser som er sentrale for aktuelle fag 
  • Kan gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar 
  • Kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar. 
  • Kan planlegge forskningsbaserte utviklings- og endringsprosessar knytt til aktuelt fag 
Generell kompetanse

Kandidaten 

  • kan vise og utøve ein autonom og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt  
  • kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis  
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisning vil bli gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle fag. Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing.

Krav om eiga datamaskin:

Du lyt ha eiga bærbar datamaskin (Pc / Mac) med eit oppdatert operativsystem (https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2016-06-27-821).

Datamaskina bør kunne importere, bearbeide og lagre lyd, bilete og videoklipp (i minimum full HD - 1920x1080p).

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til undervisning og deltaking i læringsaktivitetar.  Les om frammøtekrav i forskrifta om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A74-6  

Arbeidskrav:

Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart. 

Del A) Levere eit arbeid tilsvarande ca 2000 ord (ca. 5 sider), knytt til undervisning og aktuelle fagdidaktiske problemstillingar.  

Del B) I tillegg skal alle studentar anten: 

Alternativ 1, for studentar med undervisningskompetanse i eitt undervisningsfag: Ha godkjent skisse for praksisretta prosjekt, også med førebels litteraturliste.  

Alternativ 2, for studentar med undervisningskompetanse i to fag: Ha godkjent deltaking i obligatoriske aktivitetar og undervisning knytt til sekundærfag tildelt gjennom opptaket, og som går fram av opptaksbrev. 

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Stian Cornelius Fagerlid
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
8 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Tema for eksamen vil verte bestemt gjennom ei randomisert utveljing frå ulike alternative oppgåver.