Semestre
PPU-DID2FR Didaktikk 2 Framandspråk
Gjennomført obligatoriske undervisnings- og læringsaktivitetar i didaktikkemne 1.
Didaktikk 2 framandspråk er ein del av praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag, og skal saman med emna i pedagogikk og praksis, gi eit samla læringsutbytte som bidreg til at kandidatane utviklar ein trygg og tydeleg læraridentitet.
Emnet skal, saman med det andre fagdidaktikkemnet, gje kunnskap om eigne undervisningsfag sin plass i skulen, utbreiing, progresjon og grunngjeving. Emnet skal gje innsikt i korleis relevant forsking kan bidra til formidling og tilrettelegging for læring i aktuelle fag. Gjennom fagdidaktikkundervisninga skal studenten få kunnskap om, og innsikt i eit breitt spekter av undervisningsstrategiar, læremiddel og arbeidsmetodar i aktuelle fag. Emnet byggjer på det første emnet i fagdidaktikk. I dette andre emnet i fagdidaktikk vert det forventa at studenten viser auka evne til kritisk refleksjon, og klarer setje lærarrolla og arbeidet som lærar i eit vidare perspektiv.
Ein del av undervisninga i emnet vert gitt under overskrifta Felles fagdidaktikk, medan i andre delar av undervisninga vil studenten vere i eigne undervisningsgrupper knytt til dei ulike undervisningsfaga studenten har undervisningskompetanse i. Detaljar rundt dette vil gå fram av Praksis og samlingsruta og undervisningsplanar for dei ulike faga.
Studentar med undervisningskompetanse i berre eitt undervisningsfag skal spesialisere seg i fagdidaktikken for dette faget, gjennom deltaking i undervisning, rettleiing, litteraturstudie og oppgåveskriving. Studentar med opptak med to fag skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter i begge faga. Sjå under arbeidskrav for korleis dette vert gjort.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
- Inngåande kunnskap om framandspråksfaga sin eigenart
- Brei kunnskap om danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, bærekraftig utvikling, mangfald, likestilling og likeverd.
- Inngåande kunnskap om barn og unge si utvikling, motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i språkfag.
- Kunnskap om samanheng mellom individuelle, sosiale, kulturelle og fagspesifikke forhold i arbeidet med tilpassa opplæring.
- Inngåande kunnskap om språkfag sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen
- Kunnskap om ulike digitale arbeidsformer relevant for eigne undervisningsfag.
- Brei kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt
Studenten:
- kan analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til språkfag sin plass i skulen
- kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i fag tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov
- kan bruke varierte og relevante metoder i undervisninga, og tilpasse opplæringa i faget slik at den tek omsyn til eleven sitt ulike læringstempo, interesse for faget og evne til kritisk tenking
- kan vurdere og bruke digitale ressursar som er sentrale for språkfag, og vurdere korleis digitale ressursar fremjer læring i språkfag.
- kan gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar
- kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar
- kan planlegge og delta i forskningsbaserte utviklings- og endringsprosessar knytt til språkfag, og kritisk vurdere desse i etterkant
- kan gjennomføre profesjonsretta, praksisrelevante, sjølvstendige og avgrensa FoU-prosjekt i tråd med forskningsetiske normer
- kan ivareta opplæringa for barn med samisk opphav, og for barn med ulike sosiale og kulturelle utgangspunkt.
Kandidaten
- kan vise og utøve ein autonom og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar, føresatte og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt
- kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin egen faglege praksis
- kan bidra til innovasjonsprosessar og ta ansvar for samarbeid og utviklingsarbeid som fremjer fagleg og pedagogisk nyskaping i opplæringa
- kan bidra til kritisk analyse av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologiar og praksisar og delta i samfunnsdebattar om utdanningspolitikk
Undervisninga vert gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle fag (spesifikk fagdidaktikk). Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing.
Bestått didaktikkemne 1.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisning og andre læringsaktivitetar knytt til emnet. Les om frammøtekrav i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Frammøtekrav gjeld undervisninga både i spesifikk fagdidaktikk og felles fagdidaktikk.
Arbeidskrav:
Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart.
Del A) Alle studentar skal levere to didaktiske arbeid i primærfaget.
Del B) Alternativ 1 er for studentar med berre eitt undervisningsfag (berre primærfag). Alternativ 2 er for studentar med to undervisningsfag (både primærfag og sekundærfag)
Alternativ 1 (eittfaglege): Gjennomføre to didaktiske fordjupingsarbeid knytt til faglærarrolla i primærfaget. Arbeidsmengda på dei to arbeida skal totalt tilsvare arbeidsmengde for alternativ 2.
Alternativ 2 (tofaglege): Godkjent 80% deltaking i obligatoriske aktivitetar og undervisning i sekundærfag tildelt gjennom opptaket. Gjennomføre eitt godkjent fagdidaktisk arbeid som viser didaktisk grunnkompetanse i sekundært fag. Det sekundære faget har ansvar for arbeidskravet, men arbeidskravet skal inngå i eksamensmappe i emnet studenten er meldt opp i (primærfag).
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | For eittfaglege skal to av arbeida i faget leverast inn i eksamensmappa, saman med ein refleksjonstekst. For tofaglege skal eitt av arbeida i primærfaget i tillegg til arbeidet i sekundærfag leverast inn. |