Semestre

PPU-DID2FR Didaktikk 2 Framandspråk

Emnekode: 
PPU-DID2FR
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Foreign Language Didactics 2
Emnenavn på bokmål: 
Didaktikk 2 Framandspråk
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Gjennomført obligatoriske undervisnings- og læringsaktivitetar i didaktikkemne 1. 

Om emnet

Didaktikk 2 framandspråk er ein del av praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag, og må sjåast i samanheng med pedagogikk og praksis. Dei to emna i fagdidaktikk inngår som ein heilskapleg del av studiet praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag. Gjennom tverrfaglege modular i undervisningsplanen vert det synleggjort korleis emne og praksis samarbeider. Det andre emnet i didaktikk er, saman med det andre emnet i pedagogikk og praksis organisert rundt modulane 5, 6, 7 og 8. 

 

Emnet skal, saman med det andre fagdidaktikkemnet, gje kunnskap om språkfaga sin plass i skulen, progresjon og grunngjeving. Emnet skal gje innsikt i korleis relevant forsking kan bidra til formidling og tilrettelegging for læring i språkfag. Gjennom fagdidaktikkundervisninga skal studenten få kunnskap om, og innsikt i eit breitt spekter av undervisningsstrategiar, læremiddel og arbeidsmetodar i aktuelle fag.   

Emnet byggjer på det første emnet i fagdidaktikk. I dette andre emnet i fagdidaktikk vert det forventa at studenten viser auka evne til kritisk refleksjon, og klarer setje lærarrolla og arbeidet som lærar i eit vidare perspektiv.  

Ein del av undervisninga i emnet vert gitt under overskrifta “Felles fagdidaktikk”, medan i andre delar av undervisninga vil studenten vere i eigne undervisningsgrupper knytt til dei ulike undervisningsfaga studenten har undervisningskompetanse i.  

Studentar med undervisningskompetanse i eitt undervisningsfag skal spesialisere seg i fagdidaktikken for dette faget, gjennom deltaking i undervisning, rettleiing, litteraturstudie og oppgåveskriving. Studentar med opptak med to fag skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter i begge faga. Sjå under arbeidskrav for korleis dette vert gjort. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha: 

  • Inngåande kunnskap om framandspråksfaga sin eigenart
  • Brei kunnskap om danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, bærekraftig utvikling, mangfold, likestilling og likeverd. 
  • Inngåande kunnskap om barn og unge si utvikling, motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i språkfag. 
  • Kunnskap om samanheng mellom individuelle, sosiale, kulturelle og fagspesifikke forhold i arbeidet med tilpassa opplæring.  
  • Inngåande kunnskap om språkfag sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen 
  • Har kunnskap om ulike digitale arbeidsformer relevant for eigne undervisningsfag. 
  • Brei kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt  
Ferdigheiter

Studenten: 

  • kan analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til språkfag sin plass i skulen 
  • kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i fag tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov  
  • kan bruke varierte og relevante metoder i undervisninga, og tilpasse opplæringa i faget slik at den tek omsyn til eleven sitt ulike læringstempo, interesse for faget og evne til kritisk tenking 
  • kan vurdere og bruke digitale ressurser som er sentrale for språkfag, og vurdere korleis digitale ressursar fremjer læring i språkfag. 
  • kan gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar 
  • kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar 
  • kan planlegge og delta i forskningsbaserte utviklings- og endringsprosessar knytt til språkfag, og kritisk vurdere desse i etterkant  
  • kan gjennomføre profesjonsretta, praksisrelevante, sjølvstendige og avgrensa FoU-prosjekt i tråd med forskningsetiske normer 
  • kan ivareta opplæringa for barn med samisk opphav, og for barn med ulike sosiale og kulturelle utgangspunkt. 

 

Generell kompetanse

Kandidaten 

  • kan vise og utøve ein autonom og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar, føresatte og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt  
  • kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin egen faglege praksis  
  • kan bidra til innovasjonsprosessar og ta ansvar for samarbeid og utviklingsarbeid som fremjer fagleg og pedagogisk nyskaping i opplæringa  
  • kan bidra til kritisk analyse av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologiar og praksisar og delta i samfunnsdebattar om utdanningspolitikk 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisning og læringsaktivitetar vil bli gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle faga. Ein del av læringsaktivitetane vert gitt digitalt. Oppgåveskriving med individuell rettleiing, og tilpassa studenten sin fagbakgrunn. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Bestått didaktikkemne 1.  

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til undervisning og andre læringsaktivitetar.  Les om frammøtekrav i forskrifta om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A74-6 

Arbeidskrav:

Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart. 

Del A) Levere to faglege arbeid tilsvarande om lag 1500 ord, knytt til aktuelle fagdidaktiske problemstillingar.

Del B) I tillegg skal alle studentar anten: 

Alternativ 1, for studentar med undervisningskompetanse i eitt undervisningsfag: Gjennomføre praksisretta prosjekt, eller prosjekt knytt til samarbeid mot eksterne aktørar. Prosjektet skal dokumenterast gjennom aktuelle multimodale former. Dokumentasjonen skal innehalde presentasjon for andre studentar. Dokumentasjonen må også synleggjere diskusjon og refleksjonar knytt til aktuell litteratur. Det skal vere sjølvvalt litteratur på rundt 300-500 sider knytt til arbeidet. 

Alternativ 2, for studentar med undervisningskompetanse i to fag: Godkjent deltaking i obligatoriske aktivitetar og undervisning i sekundærfag tildelt gjennom opptaket, og som går fram av opptaksbrev. Ha godkjent eit fagdidaktisk arbeid tilsvarande ca 2000 ord med utgangspunkt i sekundært fag. 

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Åsa Sundnes Bruheim
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Alle studentar skal velje ut ei av dei to godkjende arbeidskrava under punkt A), i tillegg skal arbeid knytt til B) inngå i mappa. Arbeidet skal leverast saman med ei presentasjonstekst på omlag 1000 ord.
Godkjent av: 
Arne Myklebust