Semestre
PPU-PRA2 Praksisplan PPU heiltid 2. periode
Praksisplanen byggjer på Rammeplan for Praktisk-pedagogisk utdanning av 21.desember 2015. Praksisplanen skal saman med emneplanane vere eit utrykk for konkretisering av rammeplanen sine målområde og mål. PPU er yrkesretta og praksis har ei særstilling. I praksisopplæringa skal studentane få erfaring med ulike aktivitetar som inngår i ein lærar sin arbeidsdag og gradvis utvikle sin profesjonskunnskap gjennom å prøve ut og analysere eigne faglege og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa skal vere rettleia, integrert, relevant og variert, og er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen. Omfanget av praksis er sett til 60 dagar. Den andre praksisperioden på 30 dagar vert gjennomført i vårsemesteret. Innhaldet i praksis skal knytast tett opp til tematikken i pedagogikk og fagdidaktikk på måtar som gjer at studenten utviklar profesjonskunnskapen sin både gjennom teoretisk refleksjon og gjennom arbeid med eigne faglege, pedagogiske og fagdidaktiske kunnskapar og ferdigheiter.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne :
Kandidaten:
har erfaringsbasert kunnskap om læring, læreprosesser, arbeidsmåtar, læremidler og vurderingsformer
har erfaringsbasert kunnskap om samspel mellom elevar og mellom elevar og lærar, om klasseleiing og teamarbeid og skule-heim samarbeid
har erfaringsbasert kunnskap om læraren si rolle, rettigheitar og plikter og om lærararbeid på organisasjonsnivå
har kunnskap om konkret forskings- og utviklingsarbeid i praksisskulen
Kandidaten:
kan variere og grunngje eit bredt utval av undervisingsmetodar, sjølvstendig og i lag med eleven
kan vere ein tydeleg leiar og leie læringsarbeid tilpassa ulike elevar, samt kunne justere arbeidsmåtane undervegs
kan handle i lag med elevar, føresette, kollegaer, skuleleiing og andre aktørar i skulen
Kandidaten:
kan kritisk vurdere eigen og andre sin praksis med referanse til teori og forsking
kan initiere og gjennomføre utviklingsarbeid i samarbeid med utdanningsinstitusjonen og praksisskulen
kan identifisere, handtere og førebyggje brot på normer og reglar
kan ta imot og reflektere over rettleiing gitt av praksislærar
Det vert utarbeidd studie- og praksisrute som klargjer nøyaktig tidfesting av praksisperioden. Andre praksisperiode har eit omfang på 30 dagar. I praksisperioden skal studenten følge praksislærar og skulen si arbeidstidsorganisering. Til vanleg vil andre praksisperiode verte gjennomført i vidaregåande skule. I andre praksisperiode er ein naturleg progresjon at studenten har eit sjølvstendig ansvar for delar av opplæringa.Studentar med fagbakgrunn i fellesfaga i vidaregåande opplæring bør ha praksis på ulike utdanningsprogram i løpet av praksisperioden.
Praksislærar si hovudoppgåve er å legge til rette for studenten sin praksis, lage plan for praksisperioden i lag med student og å leie rettleiingsøktene. Ei rettleiingsøkt består av tre delar: Før-rettleiing, observasjon av studenten sitt arbeid med klassa/elevgruppa og etter-rettleiing. Rettleiing frå praksislærar har som føremål å medverke til at studenten får utvikla eigen forståing av kva det vil seie å vere lærar. Refleksjon over planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning vil vere viktig i studenten sin utvikling av profesjonskompetanse.Studenten sitt ansvar er å vere aktiv og interessert deltakar i praksis, og ta sitt ansvar i rettleiinga. Studenten skal før kvar rettleiingsøkt levere ein skriftleg plan for timen/undervisingsøkta til praksislærar, eventuelt faglærar og med-student om det er behov for det. Denne planen med bestilling av rettleiing, og eventuelt andre skriftlege dokument, til dømes logg eller arbeidsplan, vil vere utgangspunkt for rettleiingssamtalane før og etter gjennomføring av undervisningsøkta.
Etter avslutta praksis skal praksislærar gi ei skriftleg individuell vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterier for praksisperioden. Studenten skal ha kopi av sluttvurderinga.
Det er obligatorisk frammøte til praksis. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- PPU-R15
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individuell | semester | Stått eller ikkje stått | Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-8 |