Semestre
PPU-PRA2 Praksis 2
I praksisperioden skal studenten ta over undervisninga i fleire klassar og delta i anna relevant lærararbeid som til dømes vurdering av elevarbeid, møteverksemd ved skulen og vakt og tilsynsoppgåver i løpet av skulekvardagen. Formålet med praksis for studenten er difor både å vere i ein skulekvardag som lærar og å få praktisk erfaring med korleis ein arbeidar som lærar.
Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert, og praksisskulen er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen. Studenten skal i praksisperioden kunne nytte seg av innhald og arbeidsmåtar frå undervisninga i pedagogikk og fagdidaktikk.
I praksisemne 2 byggjer ein vidare på fokusområda frå praksis 1 medan ein i tillegg skal ha fokus på læringsmiljø og skulen som organisasjon. Studenten skal bygge vidare på dei erfaringar og innspel vedkommande fekk i praksisemne 1.
I undervisninga ved høgskulen før praksisperioden vert det særleg lagt vekt på:
Læringsmiljøet
Psykisk helse
Skulen som organisasjon og arbeidsfellesskap
Tilpasse undervisninga i samsvar med gjeldande læreplanar og lovverk
Kravet til kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse er stigande i løpet av praksisemne 1 og 2. Det betyr at det forventast eit høgare nivå frå studenten i lærarrolla i praksisemne 2. Sluttvurderinga etter praksis 2 skal sei kor vidt vedkommande vurderast som eigna for læraryrket.
Praksisplanen byggjer på Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning. Omfanget av praksis i studiet er minimum 60 arbeidsdagar. Praksis i vårsemesteret er 30 dagar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne :
Kandidaten:
- har utvida kunnskap om læraren sine roller, oppgåver og ansvar i opplæringa.
- har brei kunnskap om barn og unge si utvikling, læring og danning i ulike sosiale, fleirkulturelle og digitale kontekstar, og om korleis kunnskapen kan brukast for å tilpasse opplæringa til elevar sine føresetnader og behov
- har utvida kunnskap om samspel mellom elevar, mellom elevar og lærar, om klasseleiing, kollegarettleiing og teamarbeid
- har brei kunnskap om tilrettelegging for læring og bruk av relevante læreprosessar, arbeidsmåtar, læremiddel og vurderingsformer i fag
- har kunnskap om skulen som organisasjon, samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
Kandidaten:
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere eigen og andre si opplæring med utgangspunkt i nasjonale og lokale styringsdokument
- kan tilpasse opplæringa til elevens og elevgruppa sine føresetnader
- kan variere og grunngje eit utval undervisningsmetodar og samhandle med elevar og kollegaer
- kan samhandle med elevar, føresette, kollegaer og andre interne og eksterne aktørar
- kan ta ansvar for å utvikle og leie inkluderande, kreative, trygge og helsefremjande læringsmiljø
Kandidaten:
- kan reflektere over elevane si læring i lys av fag, undervisning og aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
- har utvikla eigen læraridentitet som bidrag til profesjonsfellesskapet, samt kommunikasjons- og relasjonskompetanse som tek i vare profesjonsetiske verdiar i opplæringa
- har utvikla profesjonsetisk digital kompetanse og kan bidra til utvikling av digital dømmekraft mellom barn og unge
- kan bidra til endringsprosessar og samarbeid om fagleg og pedagogisk nytenking i skulen og involvere lokalt samfunns-, arbeids- og kulturliv i opplæringa
Studenten skal gjennom studiet ha praksis både på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Studentar med fagbakgrunn i fellesfaga bør ha praksis på ulike utdanningsprogram. I praksis skal studenten følgje praksislærar og skulen si arbeidstidsorganisering. Det betyr at studenten skal ha arbeidsdagar som ein lærar i full stilling. I arbeidsdagen inngår undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, møte- og samarbeidstid samt tid til fagleg utvikling.
Praksislærar/rettleiaren si hovudoppgåve er å:
- legge til rette for studenten sin praksis
- lage plan for praksisperioden saman med studenten
- gi rettleiing og tilbakemelding til studenten på korleis vedkommande kan utvikle seg i høve læringsutbytteformuleringar for praksis.
Det vert orientert meir detaljert rundt praksisorganisering og gjennomføring på www.hivolda.no/ppu
Som sluttvurdering skal praksisrettleiar gi ei skriftleg individuell vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterier for praksisperioden. Studenten skal legge sluttvurdering frå første praksisperiode fram for praksislærar i forkant av andre praksisperiode. Ved tvil om studenten skal stå skal emneansvarleg for praksis ved HVO koplast inn så snart som råd. Den endelege vurderinga vert gjort av praksisansvarleg i samråd med praksislærar og praksisskulerektor.
Det er krav om 30 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individuell | semester | Stått eller ikkje stått |