Semestre

PPU125-15 PPU: Fagdidaktikk - Drama/teater, 15 stp

Emnekode: 
PPU125-15
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Praktisk-pedagogisk utdanning i drama og teater kvalifiserar studenten for lærararbeid; undervising i drama i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og i folkehøgskulen. Utdanninga kvalifiserar også for faglig/pedagogisk verksemd i td. kulturskuler eller amatørteater. Studiet gir innsikt i og erfaring med ulike undervisningsformer knytt til drama og teater som kunst- og kulturelt uttrykk. Studiet gir også kunnskap om korleis ein kan arbeide med drama/teater i andre fag og korleis barn og unge kan arbeide med kunstnariske prosessar fram til ei framsyning.

PPU er eit praksisbasert og yrkesretta studium, og den nære tilknyttinga til praksisfeltet krever at studenten forpliktar seg til, og tar ansvar både for eigen utvikling og for samarbeid i grupper. Emnet handlar om å gjere seg kjend med grunnlegjande problemstillingar knytt til undervisnings­arbeid i drama og teater, slik det kjem til uttrykk i skuleverket sine læreplanar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har:

  • har kunnskap om ulike modellar for drama- og teaterformidling som kan gjere teaterkunst tilgjengeleg for eit bredt barne- og ungdomspublikum.
  • har kunnskap om teaterfaga si plass og vekt i opplæringa, læreplanutvikling og fagområdet si stilling og potensial for utvikling i opplæringssystemet.
  • har kunnskap om drama- og teaterteoretiske teoriar og problemstillingar.
  • har kunnskap om utvalde drama- og teaterdidaktiske metoder.
  • har kunnskap om ulike vurderingsformer som egner seg i drama og teater
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere undervisingsopplegg med utgangspunkt i læreplanar, og tilpasse undervisinga til elevene sine forutsettingar, interesser og ulike rammefaktorar.
  • kan reflektere over fagområdet sine utfordringar både skriftleg og munnleg.
  • kan tilretteleggje for arbeid med estetiske læreprosessar knytt til teaterformidling.
  • kan vurdere arbeidet elevane gjer.
  • kan planleggje, grunngje, tilretteleggje og instruere opplæring som siktar mot sceniske presentasjonar
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i læreplananalyse og i relevanre faglege og yrkesetiske problemstillingar.
  • kan nyttegjere seg rettleiing og grunngje vala sine.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga vil ha ulike former som:

  • førelesing
  • prosjektarbeid
  • sjølvstudium
  • gruppearbeid
  • rettleiing
  • skriftleg dokumentasjon vert knytt til både det praktiske og det teoretiske arbeidet.
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • Emnet forutset aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80%. Frammøte i emnet er også knytt til undervisninga i felles fagdidaktikk.

Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.

Arbeidskrav:

  • 3 fagtekstar på omlag 1500 - 2000 ord (to av dei med praktisk arbeid), innlevert til avtalt tid og godkjend.

 

Sensorordning
Minimumstal: 
6
Maksimumstal: 
12
Emneansvarleg: 
Vibeke Preus
Hege Holmqvist Synnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PPU-R15
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Kandidaten vel ut to av fagtekstane frå arbeidskrava som skal leverast til vurdering, saman med ein presentasjonstekst (100 ord) der studenten presenterer fagtekstane og arbeidet med dei, og grunngjev valet.
Alle
4000 ord
Godkjent av: 
Anne Øie