Semestre

PPU125-15 PPU: Fagdidaktikk - Drama/teater, 15 stp

Emnekode: 
PPU125-15
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

180 stp, med minimum 90 stp i drama/teater.

Om emnet

Fagdidaktikk i drama/teater gir innsikt i og erfaring med ulike undervisningsformer i skulen og drama og teater som kunst- og kulturelt uttrykk. Studiet tek også opp forholdet mellom undervisning i drama i skulen, og drama og teater som kunst- og kulturuttrykk og vitskapsfag. Studiet kvalifiserer deg som drama- og teaterlærar i skule og kulturskule. 

Studentane skal arbeide med:

  • korleis nytte drama som metode for å bidra i utviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane
  • utarbeiding av undervisningsplanar med utgangspunkt i aktuelle læreplanar
  • planleggjing, grunngjeving, tilrettelegging og instruering av opplæring som siktar mot sceniske presentasjonar eller kulturelle produkt på ulike nivå
  • ulike modellar for teaterformidling som kan gjere teaterkunst tilgjengeleg for eit bredt barne- og ungdomspublikum
  • tilpassa opplæring til elevane sine ulike føresetnader og bakgrunn
  • vurdering
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om ulike modellar for drama- og teaterformidling som kan gjere teaterkunst tilgjengeleg for eit bredt barne- og ungdomspublikum.
  • har kunnskap om drama- og dramadidaktiske teoriar og problemstillingar. 
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte drama som metode for utvikling av grunnleggjande ferdigheiter som lesing og munnleg aktivitet.
  • kan tilretteleggje for arbeid med estetiske læreprosessar for elevar, individuelt og i gruppe.
  • kan vurdere arbeidet elevane gjer.
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i læreplananalyse og i relevanre faglege og yrkesetiske problemstillingar.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga vil ha ulike former som:

  • førelesing
  • prosjektarbeid
  • sjølvstudium
  • gruppearbeid
  • rettleiing
  • skriftleg dokumentasjon vert knytt til både det praktiske og det teoretiske arbeidet.
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • Emnet forutset aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80%

Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.

Arbeidskrav:

  • 3 fagtekstar kvar på ca 1500 ord, ei oppgåve knytt til praksis, dei to andre til ulike fagdidaktiske emne vi tek opp på samlingane.

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap.5

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
6
Maksimumstal: 
12
Emneansvarleg: 
Vibeke Preus
Hege Holmqvist Synnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Kandidaten vel ut to av fagtekstane frå arbeidskrava som skal leverast til vurdering, saman med ein presentasjonstekst (100 ord) der studenten presenterer fagtekstane og arbeidet med dei, og grunngjev valet.
Alle
4000 ord