Semestre

PPU128-30 PPU: Fagdidaktikk - Framandspråk, 30 stp.

Emnekode: 
PPU128-30
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

På bakgrunn av fagstudium i framandspråk skal fagdidaktikkemnet i framandspråk gi studentane eit grunnlag for å sjå språk som mennesket sitt viktigaste kommunikasjonsmiddel og som ein reiskap for å utvikle tanke og personlegdom. Noreg er eit lite språksamfunn, og nordmenn nyttar seg av framandspråk for å få kunnskap om – og innsikt i – andre land sine kulturar og for å kunne vere ein del av verdssamfunnet. Både innafor utdanning, yrkesliv og den private sfære gjer samarbeid på tvers av landegrenser og kulturar det viktig å lære framandspråk.Gjennom fagdidaktikkstudiet i framandspråk skal studentane få medvit om framandspråk som ferdigheitsfag, reiskapsfag, kultur- og danningsfag. Elevane sin totale språkkompetanse er ei felles oppgåve for alle språkfaga. Undervisninga skal gjere det mogleg for studentane å tileigne seg kunnskap, gjere praktiske erfaringar og utvikle evne til refleksjon, i møte med fagdidaktiske problemstillingar som relaterer seg til framandspråk i skule og opplæring.

Utdanninga skal også kvalifisere til å ivareta opplæring om samiske forhold. Under dette kjem kjennskap til den statusen urfolk har internasjonalt, og samiske born og ungdommar sin rett til opplæring i tråd med opplæringslova og gjeldande læreplanverk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne/studium

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap for relevante trinn og kunnskap om framandspråksfaga sin eigenart

  • har brei forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringsløpet

  • har inngåande kunnskap om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga, og brei kunnskap om fagplanhistorie

  • har brei kunnskap om barne og ungdomskultur og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og kulturelle kontekstar

  • har brei kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaar og arbeidsmetodar i framandspråksundervisinga

  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, og under dette kunnskap om vald og seksuelle overgrep, og om barn og unge sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning i framandspråk basert på forskings og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap

  • kan leie og legge til rette for undervisingsløp som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar

  • kan bruke varierte arbeidsmetodar, differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø i framandspråksundervisinga

  • kan beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere elevar si læring, gje læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eiga fagleg utvikling

  • kan identifisere særskilde behov hos barn og unge, og under dette kjem også å identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne iverksette nødvendige tiltak.

 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan formidle pedagogiske og framandspråksdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå

  • har ei profesjonell haldning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål

  • kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen fagdidaktisk kompetanse og bidra til både kollegaar og skulen si utvikling

  • kan bygge relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga omfattar førelesing og seminar på to nivå: i plenum (felles didaktikk) og i gruppe i det enkelte fag (framandspråk). Studiet er praksisbasert, og faget set store krav til eige studiearbeid, individuelt og i grupper. Frammøte til undervisninga er obligatorisk.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • To fagdidaktiske skriftlege oppgåver knytt til praksis (kvar på 2500 ord)
  • Ein individuell teoretisk refleksjonstekst (2000 ord) knytt til eit metodisk opplegg
  • Eit planleggingsdokument for undervisning i framandspråk (3 undervisningstimar, 2000 ord)
Evaluering og kvalitetssikring

Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PPU-R15
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
•To fagdidaktiske skriftlege oppgåver knytt til praksis (kvar på 2500 ord)

•Ein individuell teoretisk refleksjonstekst (2000 ord) knytt til eit metodisk opplegg
•Eit planleggingsdokument for undervisning i framandspråk (3 undervisningstimar, 2000 ord)