Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
PPUD-PRA1 Praksisplan PPU deltid 1. periode
Ingen
Praksisplanen byggjer på Rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning av 21. desember 2015 og Forskrift om rammeplan for Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for årssteg 8-13, fastsett 18.mars 2013. Praksisplanen skal saman med emneplanar vere eit utrykk for konkretisering av rammeplanen sine målområde og mål.PPU er yrkesretta og praksis har ei særstilling. I praksisopplæringa skal studentane få erfaring med ulike aktivitetar som inngår i ein lærar sin arbeidsdag og gradvis utvikle sin profesjonskunnskap gjennom å prøve ut og analysere eigne faglege og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa skal vere rettleia, integrert, relevant og variert, og er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen. Omfanget av praksis er sett til 60 dagar. Den første praksisperioden på 30 dagar vert gjennomført første studieåret. Rammeplanane visar til kompetanseområder som studiet og dermed praksis er sentrert rundt: Fagleg kompetanse, Skulen i samfunnet, Etikk, Pedagogikk og fagdidaktikk, Leiing av læringsprosesser, Samhandling og kommunikasjon og Endring og utvikling. Kompetanseområda er presisert gjennom skildring av læringsutbytte.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne :
Kandidaten:
har erfaringsbasert kunnskap om læring, læreprosesser, arbeidsmåtar, læremidler og vurderingsformer
har erfaringsbasert kunnskap om samspel mellom elevar og mellom elevar og lærar, om klasseleiing og teamarbeid
har erfaringsbasert kunnskap om læraren si rolle, rettigheiter og plikter
Kandidaten:
kan planlegge, tilpasse, gjennomføre og vurdere opplæring aleine og saman med andre
kan variere og grunngje eit utval av undervisingsmetodar, sjølvstendig og i lag med eleven
kan utvikle mål for opplæringa og vurdere i kva grad elevane har nådd læringsmåla gjennom formativ og summativ vurdering
Kandidaten:
kan reflektere over fag, undervising og elevane si læring i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
kan byggje gode relasjonar og kommunisere godt med elevar og kollegaer
kan ta imot og reflektere over rettleiing gitt av praksislærar
Det vert utarbeidd studie- og praksisrute for kvart studieår. Praksis i første studieår har eit omfang på 30 dagar fordelt med 5 dagar observasjonspraksis i ungdomsskulen i haustsemesteret, og 25 dagar rettleia praksis enten i ungdomsskulen eller i vidaregåande skule i vårsemesteret.
- Studentar på PPU allmennfag skal i løpet av studietida ha rettleia praksis både på ungdomssteget og i vidaregåande skule.
- Studentar med fagbakgrunn i fellesfaga i vidaregåande opplæring bør ha praksis på ulike utdanningsprogram i løpet av praksisperiodane.
- Studentar som har hatt praksis på ungdomssteget i første periode skal ha praksis i vidaregåande skule i andre praksisperiode, og omvendt.
Rammeplanen fastset at studentar med yrkesfagleg utdanning/bakgrunn samla skal ha 10 praksisdagar i ungdomsskulen. 5 av desse dagane vert gjennomført første studieåret, i og med at observasjonspraksis er lagt til ungdomsskulen. Dei 5 siste praksisdagane vert gjennomført i løpet av andre studieåret og skal vere rettleia og utøvande praksis der studenten skal planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning av eit omfang på minimum 12 timar.
Praksislærar si hovudoppgåve er å leggje til rette for studenten sin praksis, lage plan for praksisperioden i lag med student og å leie rettleiingsøktene. Ei rettleiingsøkt består av tre delar: Før-rettleiing, observasjon av studenten sitt arbeid med klassa/elevgruppa og etter-rettleiing. Rettleiing frå praksislærar har som føremål å medverke til at studenten får utvikla eigen forståing av kva det vil seie å vere lærar. Refleksjon over planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning vil vere viktig i studenten si utvikling av profesjonskompetanse.
Studenten sitt ansvar er å vere aktiv og interessert deltakar i praksis, og ta sitt ansvar i rettleiinga. Studenten skal før kvar rettleiingsøkt levere ein skriftleg plan for timen/undervisingsøkta til praksislærar, eventuelt faglærar og med-student om det er behov for det. Denne planen med bestilling av rettleiing, og eventuelt andre skriftlege dokument, til dømes logg eller arbeidsplan, vil vere utgangspunkt for rettleiingssamtalane før og etter gjennomføring av undervisningsøkta.
Etter avslutta praksis skal praksislærar gi ei skriftleg individuell vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterier for praksisperioden. Studenten skal ha kopi av sluttvurderinga og legge den fram for praksislærar i praksismøte før andre praksisperiode.
Det er obligatorisk frammøte til praksis. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- PPUD-R15
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individuell | semester | Stått eller ikkje stått | Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-8 |