Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
PPUD-PRA1 Praksis 1
Ingen.
I praksisperioden skal studenten ta over undervisninga i fleire klassar og delta i anna relevant lærararbeid som til dømes vurdering av elevarbeid, møteverksemd ved skulen og vakt og tilsynsoppgåver i løpet av skulekvardagen. Formålet med praksis for studenten er difor både å vere i ein skulekvardag som lærar, og å få praktisk erfaring med korleis ein arbeidar som lærar.
Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert, og praksisskulen er ein læringsarena på lik linje med opplæringa ved høgskulen. Studenten skal i praksisperioden kunne nytte seg av innhald og arbeidsmåtar frå undervisninga i pedagogikk og fagdidaktikk.
Praksisemne 1 har hovudfokus på lærarrolla og læraren sine oppgåver i skulen. Studenten skal få erfaring med og innspel frå praksislærar på korleis tilrettelegge fagleg innhald som fremmar gode læringsprosessar. Studenten bør også få ei første erfaring med formativ og summativ vurdering.
I undervisninga ved høgskulen før praksisperioden vert det lagt vekt på:
lærarrolla
undervisningsplanlegging
klasseleiing
motivasjon
tilpassa opplæring
grunnleggande ferdigheiter
Kravet til kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse er aukande i løpet av praksisemne 1 og 2. Læringsutbytteskildringa vil difor vere litt ulik for praksisemne 1 og 2, men emna bygg på kvarandre.
Praksisplanen byggjer på Forskrift om rammeplanen for praktisk-pedagogisk utdanning. Omfanget av praksis i studiet er minimum 60 arbeidsdagar, fordelt med 30 dagar på kvart av dei to praksisemna.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten:
- har kunnskap om læraren sine roller, oppgåver og ansvar i opplæringa.
- har kunnskap om samspel mellom elevar, mellom elevar og lærar, og om klasseleiing,
- har kunnskap om tilrettelegging for læring og bruk av relevante læreprosessar, arbeidsmåtar, læremiddel og vurderingsformer i fag.
Kandidaten:
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere opplæring .
- kan planlegge og gjennomføre praktisk og variert undervisning med utgangspunkt i nasjonale og lokale styringsdokument, og basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
- kan bruke den didaktiske relasjonsmodellen som utgangspunkt for undervisninga.
- kan reflektere over undervisning med utgangspunkt i systematisk observasjon som metode.
- kan gi læringsfremmande tilbakemeldingar.
- kan variere og grunngje eit utval undervisningsmetodar og samhandle med elevar og kollegaer.
- kan med utgangspunkt i faglitteraturen og eigne erfaringar utvikle gode strategiar for relasjonsbygging til elevar og kollegaer.
Kandidaten:
- kan kommunisere godt munnleg og skriftleg med elevar og andre i skulesamfunnet.
- kan bygge gode relasjonar, kommunisere og samarbeide med elever og kollegaer.
- delta aktivt i rettleiing i praksis og nytte tilbakemeldingar til eigen utvikling.
- er medviten dei profesjonsetiske krava og forventningar som ligg til ei lærarstilling.
Studenten skal gjennom studiet ha praksis både på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Studentar med fagbakgrunn i fellesfaga bør ha praksis på ulike utdanningsprogram. I praksisemne 1 har studenten 2 dagar observasjonspraksis og 28 dagar undervisningspraksis. I praksis skal studenten følgje praksislærar og skulen si arbeidstidsorganisering. Det betyr at studenten skal ha arbeidsdagar som ein lærar i full stilling. I arbeidsdagen inngår undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, møte- og samarbeidstid samt tid til fagleg utvikling.
Praksislærar/rettleiaren si hovudoppgåve er å:
- legge til rette for studenten sin praksis
- lage plan for praksisperioden saman med studenten
- gi rettleiing og tilbakemelding til studenten på korleis vedkommande kan utvikle seg i høve læringsutbytteformuleringar for praksis.
Det vert orientert meir detaljert rundt praksisorganisering og gjennomføring på www.hivolda.no/ppu
Som sluttvurdering skal praksisrettleiar gi ei skriftleg individuell vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterier for praksisperioden. Studenten skal legge sluttvurdering frå første praksisperiode fram for praksislærar i forkant av andre praksisperiode. Ved tvil om studenten skal stå skal emneansvarleg for praksis ved HVO koplast inn så snart som råd. Den endelege vurderinga vert gjort av praksisansvarleg i samråd med praksislærar og praksisskulerektor.
Det er krav om 30 dagar frammøte.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått |