Semestre
PPUD121-30 PPU: Fagdidaktikk – Religion, livssyn og etikk
Ingen
Emnet skal gje studenten grunnleggjande kunnskap og dugleik til å undervise i RLE-faget og RE-faget i norsk skule. Religion og livssynsfaga er både verdifag og kulturfag og emnet tar opp dei sentrale fagdidaktiske tema i formilding av religionar, livssyn, filosofi og etikk. Emnet skal bidra til å forstå den norsk kulturarva og det fleirkulturelle samfunnet, slik at studenten kan vere i stand til å skapa eit læringsmiljø som gjev elevane del i slik kunnskap og fremjar forståing og respekt mellom ulike religionar og livssyn.
Følgjande deltema særleg i fokus:
- Faga si eigenart, utvikling og legitimering. Dei ulike dimensjonane ved religionane og korleis desse bør vere synlege i undervisninga
- LK-06, mål og utfordringar. Fritaksretten. Fagleg innhald
- Elevføresetnadar, lærarrolle og yrkesetikk
- Arbeidsmåtar i religions- og livssynsundervisninga, tilpassing og differensiering. Vurdering i faget
-
Studenten skal ha
- kunnskap om læreplanarbeid i RLE-faget på grunnskulen og i RE-faget på vidaregåande skule
- kunnskap om dei grunnleggande prinsippa i formidling av faga
- kunnskap om RLE-fagets og RE-fagets historie
- kunnskap om ulike arbeidsmåtar og metodar i faget
- kunnskap om det å undervise i ulike religionar og livssyn
Studenten skal ha
- ferdigheiter i å kunne undervise i RLE-faget i grunnskulen frå 5.-10. årssteg
- ferdigheiter i å kunne undervise i RE-faget i vidaregåande skule i studieførebuande utdanningsprogram
- ferdigheiter til å reflektere over sentrale utfordingar i faget
- ferdigheiter i å fremje forståing og toleranse mellom ulike religionar og livssyn
-
Læringsarbeidet skjer på to ulike nivå: Eit nivå for felles fagdidaktikk og eit nivå for RLE-fagdidaktikk. Delar av undervisninga i fagdidaktikk er organisert som tverrfagleg tematisk fellesundervisning (felles fagdidaktikk). Det er obligatorisk frammøte til undervisning i fagdidaktikk på alle nivå
Arbeid med innhald frå alle delemna, inkludert (tema i) felles fagdidaktikk, skal dokumenterast gjennom tre fagtekstar. To av desse skal vere på 2000 ord. Den tredje skal vere på 4000 ord. Ein av fagtekstane skal vere knytt til studenten sitt praksisfelt. Til fagteksten på 4000 ord skal studenten ha 500 sider med sjølvvald pensum. Tekstane vert skrivne med obligatorisk innlevering av utkast undervegs i skriveprosessen med fastsette innleveringsdatoar for produkta
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | - | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Studentar som tek 30 stp i fagdidaktikk kan ikkje gå opp til eksamen før i 4. semester (våren 2. studieår). | Dei tre fagtekstane (jf. arbeidskrav) vert endelige leverte som eksamenstekstar og vert vurdert samla. | |
Munnleg eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Studentar som tek 30 stp i fagdidaktikk kan ikkje gå opp til eksamen før i 4. semester (våren 2. studieår). | Dekkjer heile pensum |