Semesters

PPUD121-30 PPU: Fagdidaktikk – Religion, livssyn og etikk

Course code: 
PPUD121-30
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2015 Autumn
2016 Spring
Assessment semester: 
2015 Autumn
2016 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet skal gje studenten grunnleggjande kunnskap og dugleik til å undervise i RLE-faget og RE-faget i norsk skule. Religion og livssynsfaga er både verdifag og kulturfag og emnet tar opp dei sentrale fagdidaktiske tema i formilding av religionar, livssyn, filosofi og etikk. Emnet skal bidra til å forstå den norsk kulturarva og det fleirkulturelle samfunnet, slik at studenten kan vere i stand til å skapa eit læringsmiljø som gjev elevane del i slik kunnskap og fremjar forståing og respekt mellom ulike religionar og livssyn.

Følgjande deltema særleg i fokus:

  1. Faga si eigenart, utvikling og legitimering. Dei ulike dimensjonane ved religionane og korleis desse bør vere synlege i undervisninga
  2. LK-06, mål og utfordringar. Fritaksretten. Fagleg innhald
  3. Elevføresetnadar, lærarrolle og yrkesetikk
  4. Arbeidsmåtar i religions- og livssynsundervisninga, tilpassing og differensiering. Vurdering i faget
Learning outcome

-

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • kunnskap om læreplanarbeid i RLE-faget på grunnskulen og i RE-faget på vidaregåande skule
  • kunnskap om dei grunnleggande prinsippa i formidling av faga
  • kunnskap om RLE-fagets og RE-fagets historie
  • kunnskap om ulike arbeidsmåtar og metodar i faget
  • kunnskap om det å undervise i ulike religionar og livssyn
Learning outcome skills

Studenten skal ha

  • ferdigheiter i å kunne undervise i RLE-faget i grunnskulen frå 5.-10. årssteg
  • ferdigheiter i å kunne undervise i RE-faget i vidaregåande skule i studieførebuande utdanningsprogram
  • ferdigheiter til å reflektere over sentrale utfordingar i faget
  • ferdigheiter i å fremje forståing og toleranse mellom ulike religionar og livssyn
Learning outcome qualification

-

Working and learning activities

Læringsarbeidet skjer på to ulike nivå: Eit nivå for felles fagdidaktikk og eit nivå for RLE-fagdidaktikk. Delar av undervisninga i fagdidaktikk er organisert som tverrfagleg tematisk fellesundervisning (felles fagdidaktikk). Det er obligatorisk frammøte til undervisning i fagdidaktikk på alle nivå

Assessment requirements

Arbeid med innhald frå alle delemna, inkludert (tema i) felles fagdidaktikk, skal dokumenterast gjennom tre fagtekstar. To av desse skal vere på 2000 ord. Den tredje skal vere på 4000 ord. Ein av fagtekstane skal vere knytt til studenten sitt praksisfelt. Til fagteksten på 4000 ord skal studenten ha 500 sider med sjølvvald pensum. Tekstane vert skrivne med obligatorisk innlevering av utkast undervegs i skriveprosessen med fastsette innleveringsdatoar for produkta

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Maximum number of students: 
30
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
-
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Studentar som tek 30 stp i fagdidaktikk kan ikkje gå opp til eksamen før i 4. semester (våren 2. studieår).
Dei tre fagtekstane (jf. arbeidskrav) vert endelige leverte som eksamenstekstar og vert vurdert samla.
Oral examination
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Studentar som tek 30 stp i fagdidaktikk kan ikkje gå opp til eksamen før i 4. semester (våren 2. studieår).
Dekkjer heile pensum