Semestre
PPUD126-30 PPUD: Fagdidaktikk - Formgjeving/Kunst og handverk, 30 stp
Ingen
Emnet er ein del av studieprogrammet Praktisk pedagogisk utdanning, allmen. Gjennom undervisning i felles fagdidaktikk vert det gitt innføring i sentrale felles fagdidaktiske område.Innhald i fagdidaktikk formgjeving, kunst og handverk vil vere:
- fagplanhistorie, grunnlagstenking og legitimering av faget
- planarbeid som omfattar arbeid med aktuelle læreplanar og planlegging av undervisning herunder tilpassa opplæring, varierte arbeidsformer, tverrfagleg verksemd, prosjektarbeid og IKT i faget (utvikling av lokal læreplan)
- dei grunnleggjande ferdigheitene, lesing, skriving, munnleg, rekning og IKT i formgiving, kunst og handverk -Vurdering og rettleiing
- førebuing og refleksjon knytt til praksis.
Læringsutbytte er henta frå studieplanen som bygger på Rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning, fastsett 21. desember 2015 av Kunnskapsdepartementet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om planlegging, gjennomføring, vurdering og grunngjeving for undervisning i faget tilpassa den enkelte elev og elevgruppe
- har kunnskap om grunnleggjande fagdidaktiske omgrep og evne til å utøve fagkritikk, fornye og utvikle faget både i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
- har forståing for fagfeltet sin eigenverdi, i historisk, samfunnsmessig og kulturelt perspektiv
- har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, herunder kunnskap om vold og seksuelle overgrep, og om barn og unge sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv.
- har kunnskap om korleis skulen kan jobbe for å fremje helse og trivsel hos barn og unge.
Studenten:
- har ferdigheiter i å planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje formgjeving-, kunst og handverkspedagogisk verksemd
- har ferdigheiter i å identifisere særskilde behov hos barn og unge, herunder identifisere, teikn på psykiske vanskar, vold eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne setje i verk nødvendige tiltak.
Studenten:
- kan reflektere over eigen profesjonsutøving og utvikle undervisningsmetodar tilpassa den enkelte eleven med utgangspunkt i fagleg erfaring
- kan reflektere over praksis og kjennskap til faglitteratur
- kan tenke nytt og utvikle faget
Læringsarbeidet vil skje på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk fag) og i gruppe i det enkelte fag (formgjeving/kunst og handverk).Frammøte etter gjeldande reglar for HVO
Fire fagtekstar totalt, to av tekstene skal knytast til eige praktisk arbeid. Tre fagtekstar på omlag 2000 ord og ein fagtekst på omlag 3000 ord, innlevert til avtalt tid og godkjende.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- PPUD-R15
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | To fagtekstar, ein på omlag 3000 ord, og ein på omlag 2000 ord (inkluderer eit praktisk arbeid). Eit refleksjonsnotat på omlag 1000 ord. |