Semestre

PPUD126-30 PPU: Fagdidaktikk - Formgjeving/Kunst og handverk, 30 stp

Emnekode: 
PPUD126-30
Varighet: 
4 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
2019 Vår
2019 Haust
2020 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Didactics of art and craft
Emnenavn på bokmål: 
PPU: Fagdidaktikk - Formgjeving/Kunst og handverk.
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet er ein del av studieprogrammet Praktisk pedagogisk utdanning, allmenn, delltid. Emnet skal gje studenten grunnleggande kunnskap og ferdigheiter til å undervise i faga Kunst og handverk (KOH) og Studieprogram for kunst, desgin og arkitektur (KDA), i norsk skule. Studiet skal også bidra til å auke studentane sin fagdidaktiske refleksjon rundt faga. Desse fagdidaktiske områda er felles for alle: fagplanhistorie, tilpassa opplæring, didaktiske utfordringar knytte til elevar som ikkje har norsk som morsmål, og dei fem grunnleggande ferdigheitene (digitale, munnlege, lese, rekne, skrive).

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om undervisningsplanlegging og vurdering i faga KOH og KDA , tilpassa den enkelte elev og elevgruppe
  • har kunnskap om gjeldande læreplan og fagplanhistorie
  • har kunnskap om ulike arbeidsmåtar i faga, også dei digitale
  • har kunnskap om grunnleggjande fagdidaktiske omgrep og evne til å utøve fagkritikk
  • har forståing for fagfeltet sin eigenverdi, i historisk, samfunnsmessig og kulturelt perspektiv
Ferdigheiter

Studenten:

  • har ferdigheiter i å planlegge undervisning og læring i skulefaga KOH og KDA, med utgangspunkt i fagtradisjon, læreplanverk og ulike typar av læremiddel
  • kan vurdere samanhengen mellom mål, arbeidsformer, læremiddel og vurderingsformer
  • kan reflektere over og bruke ulike former for vurdering i skulefaga KOH/KDA, og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og faglege utvikling i faget
  • kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar innanfor KOH/KDA faga
  • kan bruke og vurdere digitale verktøy og kjelder i opplæringa, og bidra til at elevane kan forholde seg aktivt og kritisk til digitale media og verkty
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan reflektere over eiga profesjonsutøving og utvikle undervisningsmetodar tilpassa den enkelte elev
  • kan identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevar si læring og utvikling i KOH/KDA faga
  • kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar til konstruktiv og kritisk refleksjon
  • har utvikla eigen vurderings- og rettleiingskompetanse, og ser korleis vurdering inngår som ein integrert del av alle læringsopplegg
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Læringsarbeidet vil skje i to situasjonar: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i det enkelte fag (formgiving, kunst og handverk). Undervisninga i formgiving, kunst og handverk vekslar mellom plenumsførelesingar, arbeid i grupper, praktisk og teoretisk oppgåveløysing og digitale læringsmåtar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøte: Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Frammøte i emnet er også knytt til undervisninga i felles fagdidaktikk. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking. 

Fire fagtekstar totalt, to av tekstene skal knytast til eige praktisk arbeid. Tre fagtekstar på omlag 2000 ord og ein fagtekst på omlag 3000 ord, innlevert til avtalt tid og godkjende.

Studentane skal også ha ei munnleg framføring knytt til fordjupingsoppgåva.

Meir informasjon om arbeidskrava vert gitt etter studiestart.

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
12
Emneansvarleg: 
Karen Brænne
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PPUD-R15
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
To fagtekstar, ein på omlag 3000 ord, og ein på omlag 2000 ord (inkluderer eit praktisk arbeid). Eit refleksjonsnotat på omlag 1000 ord.
Godkjent av: 
Aud Folkestad