Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
PPY121 Yrkesdidaktikk 1
Ingen.
Profesjonsfaget i praktisk-pedagogisk utdanning 8-13 for yrkesfag er samansett av 30 studiepoeng yrkesdidaktikk og 30 studiepoeng pedagogikk med praksis integrert i begge fagområda. Studiet er delt i to emnegrupper:·
Emnegruppe 1: Leiing avlæringsprosesser – leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv·
Emnegruppe 2: Skulen i samfunnet– leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv.
Emnet Yrkesdidaktikk 1 – Leiing av læringsprosessar utgjer 15 studiepoeng av totalt 30 studiepoeng i yrkesdidaktikk. Yrkesdidaktikk handlar om læringsarbeid knytttil det å lære eit yrke, og skal gje kandidaten kompetanse til didaktisk planlegging, undervisning, vurdering og kritisk analyse av undervising og læreprosessar. Det vert lagt vekt på at kunnskap er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbytte vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising og praksis, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten:
- har kunnskap om gjeldande lovverk og styringsdokument som er relevant for profesjons- og yrkesutøvinga
- har kunnskap om læring, arbeidsmetodar og prosesser som er relevant for profesjonsutøvinga og kan vidareutvikle sin kunnskap innanfor desse områda
- kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonane innanfor det yrkespedagogiske og det yrkesfaglege området, og kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet
Kandidaten:
- kan planlegge, grunngje, gjennomføre, leie og vurdere relevant opplæring tilpassa eleven/lærlingen sitt behov
- kan vurdere og dokumentere eleven/lærlingen si læring og utvikling, sjølvstendig eller i samarbeid med andre, og gje læringsfokuserte tilbakemeldingar som kan medverke til at eleven/lærlingen
- kan reflektere over eiga læring
- kan orientere seg i faglitteratur og eksisterande teoriar knytt både til ungdomssteget og opplæring i eige fagområde
Kandidaten:
- kan byggje gode relasjonar til elevar/lærlingar og leggje til rette for konstruktive og inkluderande læringsmiljø
- har evne til å formidle sentralt fagstoff, og kan gjennom fagleg innsikt og engasjement motivere for læring og fremje yrkesstoltheit og yrkesidentitet
- kan identifisere eigne lærings- og kompetansebehov
Emnet er organisert gjennom samlingar. Arbeidsmåtane i studiet er ein kombinasjon av førelesingar og dialog, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum. Ein del av læringsarbeidet i studiet er basert på individuelt arbeid/sjølvstudium, der jamt arbeid gjennom heile året er tilrådd. Det er det viktig at studentane gjer seg kjend med aktuelt tema i forkant av kvar samling.
- Oppgåve knytt til planlegging av undervisning på 1500 – 2000 ord.
- Praksisrapport på 2000 – 2500 ord.
Arbeidskrava vert vurdert med godkjent/ ikkje godkjent. For å kunne melde seg opp til eksamen i emnet må alle arbeidskrav vere godkjente.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i undervising. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-4. Obligatorisk frammøte og deltaking
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Kr. 20 000,- (kr. 5000,- pr. semester)
- Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag, 8.-13. trinn (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ingen |