Semestre
PPY121 Yrkesdidaktikk 1
Ingen.
Emnet PPY121 inngår som dei første 15 studiepoenga av yrkesdidaktikken i PPU – Y. Yrkesdidaktikk handlar om læringsarbeid knytt til det å lære eit yrke, og skal gi kandidaten kompetanse i yrkesdidaktisk planlegging, undervisning, vurdering og kritisk analyse av undervisning og læreprosessar. Fokus i PPY121 er knytt til emnegruppe 1: Leiing av læringsprosessar – leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv. Dette er med bakgrunn i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8–13 (2013) og nasjonale retningslinjer for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8-13 (2018).
Emnet vert gjennomført i tett samarbeid mellom PPY-111 og Praksis 1 for å bidra til at studenten gjennom varierte erfaringar og refleksjonar utviklar ein trygg og tydeleg yrkesfaglæraridentitet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal etter fullført emne:
ha kunnskap om gjeldande lovverk og styringsdokument som er relevant for profesjons- og yrkesutøvinga
ha yrkesdidaktisk kunnskap for relevant utdanningsprogram
ha kunnskap om differensiert opplæring i mangfaldige klasserom/verkstad
kjenne til digitale og teknologirike læringsarenaer som er relevant for eige programområde
ha kunnskap om elevmedverknad, demokratisk danning og entreprenørskap i klasserom/verkstad
ha kunnskap om yrkesfag og yrkesfagleg bredde i eige utdanningsprogram
kjenne til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen innanfor det yrkespedagogiske og det yrkesfaglege området
Kandidaten skal etter fullført emne kunne:
planlegge, grunngi og gjennomføre ei praktisk, differensiert og tilpassa opplæring innanfor rammene av gjeldande lovverk og styringsdokument
bruke sin yrkesfaglege og yrkesdidaktiske kompetanse i leiing av læreprosessar på mangfaldige og teknologirike læringsarenaer som bidrar til ei relevant fag- og yrkesopplæring tilpassa elevane/lærlingane sine behov og interesser
vurdere og dokumentere elevane/lærlingane si læring og utvikling, sjølvstendig eller i samarbeid med andre, og gje læringsfokuserte tilbakemeldingar som kan medverke til at eleven/lærlingen kan reflektere over eiga læring
vere rollemodellar for elevar og lærlingar, og vere bevisst sitt ansvar i å bygge yrkesrelevante relasjonar mellom aktørar i skulen og arbeidsliv
orientere seg i relevant faglitteratur, eksisterande teoriar og forsking knytt til fag- og yrkesopplæringa, og bruke ulike informasjonskjelder kritisk og etterretteleg
identifisere og arbeide systematisk med grunnleggande ferdigheiter
bruke relevante digitale læremiddel i opplæringa
Kandidaten skal etter fullført emne kunne:
byggje gode relasjonar til elevar/lærlingar og skape trygge og inkluderande læringsmiljø
formidle kunnskapar, ferdigheiter og haldningar og fremje yrkesstoltheit og yrkesidententitet
motivere elevane/lærlingane til gode læreprosessar gjennom fagleg innsikt og engasjement
identifisere eigne lærings- og kompetansebehov, og reflektere over eiga endring og utvikling som følgje av rettleiing
Ved Høgskulen i Volda er PPU - Y eit digitalt- og samlingsbasert deltidsstudie over fire semester. Kvart semester har fire digitale samlingar på to timar, i tillegg til tre-fire samlingar på to dagar, enten i Volda, Ålesund eller Molde. Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av førelesingar og dialog i plenum, gruppearbeid, presentasjon av studentarbeid, seminar og sjølvstudium. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kompetanse er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising og praksis, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.
Studenten må ha tilgjenge på eigna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon.
Studentane vil bli organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av dei emneansvarlege på PPY121 og PPY111.
Frammøte
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav
Akademisk skriving – tverrfagleg. Dette arbeidskravet er å skrive ein fagtekst om eit relevant yrkespedagogisk emne. Omfang: 750 ord (+/- 10 prosent).
Undervisningsplanlegging. Dette arbeidskravet er å planlegge eit tenkt undervisningsopplegg i eige fag der kandidaten tar i bruk ein didaktisk modell for å reflektere over vala dei gjer. Omfang: 1800ord (+/- 10 prosent).
Praksisrefleksjon – tverrfagleg. Dette arbeidskravet er todelt.
a) Utarbeide og gjennomføre eit undervisningsopplegg i praksis
b) Skrive ein praksisrapport der kandidaten reflekterer over ein utvald situasjon frå undervisningsøkta i lys av relevant pensumlitteratur frå både PPY111 og PPY121. Omfang: 1800ord (+/- 10 prosent).
Hensikta med arbeidskrava er både å dokumentere forståing av dei yrkesdidaktiske tema, og å få praktisk trening i skriftleg og munnleg framstilling, kollegial rettleiing, digitale ferdigheiter og undervisningsplanlegging. Dette er alle sentrale ferdigheiter i profesjonsutøvinga.
Arbeidskrava vert vurdert med godkjent/ikkje godkjent.
For å framstille seg til eksamen må følgjande vere oppfylt:
Minimum 80% frammøte
PPUY-PRA1 Praksis 1 godkjend
Alle arbeidskrav godkjende
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag, 8.-13. trinn (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 3000 ord (+/- 10%) | Alle |