Semestre
PRO231 Prosessleiing
60 studiepoeng på 100-nivå.
Emnet skal gje studentane kunnskap om kommunikative metodar i plan- og utviklingsarbeid, og erfaring i å ta i bruk desse metodane i utforming av prosjektplanar og prosessdesign.
Emne skal også gje grunnlag for kritisk vurdering av prosjekt og prosessar og kjennskap til nyare forsking på feltet og gjennomgang av evalueringsrapportar.
Sentralt i emnet er at studentane skal utarbeide eigne prosjektplanar og prosessdesign for eit oppgitt tema. Dette arbeidet inngår som del av vurderingsgrunnlaget i emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om
- grunnleggande teoriar om kommunikative metodar og prosessleiing i plan- og utviklingsarbeid
- planlegging og gjennomføring av prosjekt
- kritisk tenking om prosjekt som arbeidsform
Studenten skal kunne
- nytte kommunikative arbeidsmetodar i praksis og få øving i rolla som prosessleiar
- forstå eiga og andre si rolle i gruppeprosessar
- nytte verktøy for planlegging og gjennomføring av prosjekt og utforme prosessdesign
Studenten skal kunne
- reflektere rundt bruk av verktøy og metodar i prosjektarbeid
Emnet er samlingsbasert med tre samlingar. Samlingane er på fire dagar. Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, seminar og studentaktivitetar. Det vert lagt stor vekt på gruppearbeid og erfaringsutveksling. Emnet har felles undervising med masteremnet IPA 302 Prosessleiing. Læringsutbytte og vurderingsform er ulike for dei to emna.
Alle samlingane er øvingsbaserte, der studentane sjølve utgjer arbeidsgruppene. Derfor er det krav om obligatorisk oppmøte på 80 % av undervisninga for å kunne framstille seg til eksamen.
Studentane får tre skriftlege arbeidskrav, eit til kvar av samlingane. I tillegg er nokre av øvingar på samlingane arbeidskrav som må gjennomførast individuelt eller i grupper.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Samfunnsutvikling - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 % | Heimeoppgåva skal skrivast med utgangsunkt i eit oppgitt tema. Studentane får rettleiing på oppgåva. | Alle. | 3000 ord (+/- 10 %) inkludert tekst, innhaldsliste, figurar, tabellar, referansar og kjeldeliste. |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
IPA302 Prosessleiing | 100% |