Semesters

PRO231 Prosessleiing

Course code: 
PRO231
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2026 Spring
Assessment semester: 
2026 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

60 studiepoeng på 100-nivå. 

Course content

Emnet skal gje studentane kunnskap om kommunikative metodar i plan- og utviklingsarbeid, og erfaring i å ta i bruk desse metodane i utforming av prosjektplanar og prosessdesign.

Emne skal også gje grunnlag for kritisk vurdering av prosjekt og prosessar og kjennskap til nyare forsking på feltet og gjennomgang av evalueringsrapportar.

Sentralt i emnet er at studentane skal utarbeide eigne prosjektplanar og prosessdesign for eit oppgitt tema. Dette arbeidet inngår som del av vurderingsgrunnlaget i emnet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om

  • grunnleggande teoriar om kommunikative metodar og prosessleiing i plan- og utviklingsarbeid
  • planlegging og gjennomføring av prosjekt
  • kritisk tenking om prosjekt som arbeidsform
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • nytte kommunikative arbeidsmetodar i praksis og få øving i rolla som prosessleiar
  • forstå eiga og andre si rolle i gruppeprosessar
  • nytte verktøy for planlegging og gjennomføring av prosjekt og utforme prosessdesign
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne 

  • reflektere rundt bruk av verktøy og metodar i prosjektarbeid
Working and learning activities

Emnet er samlingsbasert med tre samlingar. Samlingane er på fire dagar. Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, seminar og studentaktivitetar. Det vert lagt stor vekt på gruppearbeid og erfaringsutveksling. Emnet har felles undervising med masteremnet IPA 302 Prosessleiing. Læringsutbytte og vurderingsform er ulike for dei to emna.

Assessment requirements

Alle samlingane er øvingsbaserte, der studentane sjølve utgjer arbeidsgruppene. Derfor er det krav om obligatorisk oppmøte på 80 % av undervisninga for å kunne framstille seg til eksamen.

Studentane får tre skriftlege arbeidskrav, eit til kvar av samlingane. I tillegg er nokre av øvingar på samlingane arbeidskrav som må gjennomførast individuelt eller i grupper.

Evaluation system
Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Leif Longvanes
Gro Anita Bårdseth
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Assignment
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100 %
Heimeoppgåva skal skrivast med utgangsunkt i eit oppgitt tema. Studentane får rettleiing på oppgåva.
Alle.
3000 ord (+/- 10 %) inkludert tekst, innhaldsliste, figurar, tabellar, referansar og kjeldeliste.
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
IPA302 Prosessleiing
100%