Semestre

PROG-17KFK Programmering, 1.-7. trinn

Emnekode: 
PROG-17KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
7,5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet byggjer vidare på PROG-110KFK og gir ei djupare forståing av visuelle programmeringsspråk og overgangen til tekstbaserte programmeringsspråk. Programmering knytt til utvikling av elektroniske prototypar, og korleis det kan integrerast i fag i grunnskulen, er sentralt i emnet. Emnet gir gode høve til å utvikle eigen kompetanse i programmering og didaktikk, og det å integrere programmering i ordinære undervisningsfag.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten kan:

  • vise forståing for algoritmar og datastrukturar  

  • gjere greie for ulike verktøy for visuell programmering 

  • vise forståing for overgangen frå visuell til tekstbasert programmering 

  • vise forståing for prototyping med mikrokontrollerar 

  • gjere greie for korleis integrere prototyping med mikrokontrollar i læringsarbeidet 

  • gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til visuelle programmeringsspråk, både generelt og knytt til grunnskulen sine fag 

 

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • overføre løysingar til nye problem ved å generalisere og tilpasse eksisterande programkode og algoritmar 

  • vise forståing for omgjering av problem til delproblem 

  • omsetje algoritmar frå visuelle programmeringsspråk til tekstbaserte programmeringsspråk 

  • anvende metodar for å utvikle program ved hjelp av visuelle programmeringsspråk og enkel tekstprogrammering 

  • kommentere, feilsøke og vidareutvikle program, samt produsere ryddig kode og dokumentasjon 

  • planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til visuell programmering og prototyping med mikrokontrollar 

  • integrere programmering i elevar sitt læringsarbeid, og vurdere elevarbeid knytt til grunnskulen sine fag 

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • reflektere over korleis programmering kan styrke samarbeid og djupnelæring, og stimulere entreprenørskap og kreativitet
  • reflektere over teknologien og særskilt programmeringa sin plass i samfunnet og skulen
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåvene er praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Ingen

Arbeidskrav: To (2) oppgåver vil vere markert obligatoriske i semesterplanen. Oppgåvene vil handle om å styrke 1) eigen programmeringskompetanse gjennom praktisk produktutvikling og 2) profesjonsfagleg digital kompetanse knytt til programmering. Omfanget av oppgåvene vil vere 2500 ord (+- 10%) som skrift, eller maksimalt 10 minutt som film/samansett tekst. Totalt omfang av arbeidskrav er difor 5000 ord eller 20 minutt film.

 

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Martyna Katarzyna Fojcik
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Programmering for lærarar, 1.-7. trinn - Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med utvalde arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.
Godkjent av: 
Arne Myklebust