Semestre

PROG-17KFK Programmering, 1.-7. trinn

Emnekode: 
PROG-17KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
7,5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet byggjer vidare på PROG1-110-KFK og gir ei djupare forståing av visuelle programmeringsspråk og overgangen til tekstbaserte programmeringsspråk. Programmering knytt til utvikling av elektroniske prototypar, og korleis det kan integrerast i fag i grunnskulen, er sentralt i emnet. Emnet gir gode høve til å utvikle eigen kompetanse i programmering og didaktikk, og det å integrere programmering i ordinære undervisningsfag.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten kan

  • vise forståing for algoritmar og datastrukturar
  • gjere greie for ulike verktøy for visuell programmering
  • vise forståing for overgangen frå visuell til tekstbasert programmering
  • gjere greie for ulike verktøy for tekstbasert programmering
  • vise forståing for prototyping med mikrokontrollerar
  • gjere greie for korleis integrere prototyping med mikrokontrollar i læringsarbeidet
  •  gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til visuelle programmeringsspråk, både generelt og knytt til grunnskulen sine fag
Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • overføre løysningar til nye problem ved å generalisere og tilpasse eksisterande programkode og algoritmar
  • kommentere, feilsøke og vidareutvikle program
  • utvikle program ved hjelp av visuelle programmeringsspråk
  • omsetje algoritmar frå visuelle programmeringsspråk til tekstbaserte programmeringsspråk
  • utvikle enkle program ved hjelp av tekstbasert programmering
  • planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til visuell programmering og prototyping med mikrokontrollar
  • integrere programmering i elevar sitt læringsarbeid, knytt til grunnskulen sine fag
  • vurdere elevarbeid som inkluderer programmering med og utan mikrokontrollar
Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • reflektere over korleis programmering kan styrke samarbeid og djupnelæring, og stimulere entreprenørskap og kreativitet
  • reflektere over teknologien og særskilt programmeringa sin plass i samfunnet og skulen
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåvene er praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Ingen

 

Arbeidskrav: Utvalde arbeidsoppgåver vil vere markert obligatoriske i semesterplan. Oppgåvene vil handle om å styrke eigen programmeringskompetanse gjennom praktisk produktutvikling og profesjonsfagleg digital kompetanse knytt til programmering.

 

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Kim André Stavenæs Refvik
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Programmering for lærarar, 1.-7. trinn - Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med utvalde arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.
Godkjent av: 
Arne Myklebust