Semestre
PROG-510KFK Programmering, 5.-10. trinn
Ingen.
Emnet byggjer vidare på PROG-110KFK og gir ei djupare forståing kring overgangen frå visuelle programmeringsspråk til tekstbaserte programmeringsspråk, og fordjuping i dei mest brukte tekstbaserte programmeringsspråka i skulen. Emnet gir gode høve til å utvikle eigen kompetanse i programmering og didaktikk, både i ordinære undervisningsfag og valfag programmering for ungdomstrinnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal kunne
- vise forståing for algoritmar og datastrukturar
- gjere greie for ulike verktøy for tekstbasert programmering
- vise forståing for overgangen frå visuell til tekstbasert programmering
- gjere greie for tekstbasert programmeringsspråk til bruk i skulen
- gjere greie for prinsippa i objektorientert programmering
- gjere greie for tekstbasert programmering som del av prototyping med mikrokontrollarar
- gjere greie for korleis integrere prototyping med mikrokontrollar i læringsarbeidet
- gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til tekstbasert programmering
Kandidaten skal kunne
- overføre løysingar til nye problem ved å generalisere og tilpasse eksisterande programkode og algoritmar
- kommentere, feilsøke og vidareutvikle program
- omsetje algoritmar frå visuelle programmeringsspråk til tekstbaserte programmeringsspråk
- skrive oversiktlige og lesbare program ved hjelpe av tekstbasert programmering
- planlegge, gjennomføre og evaluere undervising knytt til tekstbasert programmering og prototyping med mikrokontrollerar
- integrere programmering i elevar sitt læringsarbeid
- vurdere elevarbeid som inkluderer programmering med og utan mikrokontrollar
Kandidaten skal kunne
- reflektere over korleis programmering kan styrke samarbeid og djupnelæring, og stimulere entreprenørskap og kreativitet
- reflektere over teknologien og særskilt programmeringa sin plass i samfunnet
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver er praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.
Frammøtekrav: Ingen.
Arbeidskrav: To (2) oppgåver vil vere markert obligatoriske i semesterplanen. Oppgåvene vil handle om å styrke 1) eigen programmeringskompetanse gjennom praktisk produktutvikling og 2) profesjonsfagleg digital kompetanse knytt til programmering. Omfanget av oppgåvene vil vere 2000 ord (+/- 10%) som skrift, eller maksimalt 10 minutt (+/- 10%) som film/samansett tekst. Totalt omfang av arbeidskrav er difor 4000 ord eller 20 minutt film.
- Programmering for lærarar, 5.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Ingen | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med utvalde arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. |