Semestre
PROG1-510KFK Introduksjon til programmering for lærarar 1, 5.-10 trinn
Ingen
I emnet får studentane, uavhengig av tidlegare erfaring, utvikle kompetanse til å planlegge, gjennomføre, vurdere og evaluere undervisningsopplegg som gir elevane grunnleggjande ferdigheiter i programmering. Emnet gir gode høve til å utvikle eigen kompetanse i programmering og didaktikk, og det å integrere programmering i ordinære undervisningsfag.
Hovudfokuset ligg på korleis ein kan arbeide praktisk med programmering i grunnskulen. Studentane får erfaring med metodar for å utvikle algoritmisk tenking utan digitale verktøy, og med visuell- og tekstbasert programmering.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har forståing for programmering og algoritmisk tenking si rolle i skulen
- har grunnleggjande forståing for algoritmar
- vise forståing for og kunne kombinere grunnleggande element i programmering
- gjere greie for programmering som prosess
- gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til programmering
Studenten skal kunne
- utforme algoritmar og eigne program
- kommentere, feilsøke og vidareutvikle program
- planlegge, gjennomføre, vurdere og evaluere undervisning knytt til programmering
Studenten skal kunne
- identifisere og analysere mogelegheitar og utfordringar i programmeringsundervising
- gi ein fagleg grunngjeven undervisning i programmering
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver er praksisnære, og relatert til læring og formidling.
Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.
Frammøtekrav:
Ingen
Arbeidskrav:
I dette emnet jobbar vi prosessorientert med ett arbeidskrav. Arbeidskravet består av obligatoriske innleveringar nærare spesifisert i semesterplanen. Alle innleveringane må vere godkjente for å få arbeidskravet godkjent. Arbeidskravet utgjer grunnlaget for eksamensmappa som leverast og vurderast ved semesterslutt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Programmering for lærarar, 5.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 | Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe med oppgåver som var jobba med gjennom semesteret. | Alle |