Semestre
PROG1-813KFK Introduksjon til programmering for lærarar 1, 8.-13. trinn
Ingen
Studentane skal utvikle kompetanse i å planleggje, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som inkluderer programmering. Det vil i hovudsak nyttast tekstbaserte programmeringsmiljø.
Studentane skal både utvikle eigene ferdigheiter i programmering og kunnskap om korleis programmering kan integrerast i undervisningsfag. Emnet fokuser på praktisk arbeid med programmering med relevante verktøy og metodar for 8.-13.-trinn. Studentane får også kjennskap til algoritmisk tenking utan digitale verktøy, og korleis dette kan brukast til planlegging av programmeringsprosessen.
Undervisingen er fullstendig nettbasert, men det blir forventa aktiv deltaking av studentane på diskusjonsforum, medstudentrettleiing, etc.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha forståing for programmering og algoritmisk tenking si rolle i skule samfunn
- ha grunnleggjande forståing for algoritmar
- ha kunnskap om grunnleggande programeringskonsept, som til dømes variable løkker og vilkår
- ha kunnskap om ulike didaktiske tilnærmingar til programmering
Studenten skal kunne
- utforme algoritmar og pseudokode
- utvikle enkle program med ved hjelp av tekstprogrammering
- kombinere grunnleggande element i tekstprogrammering
- bruke ulike didaktiske tilnærmingar i undervisning
- lage oversiktlige og lesbare program
Studenten skal kunne
- arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling om programmering
- reflektere over programmering sin plass i undervisingsfag
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver er praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.
Frammøtekrav:
Ingen
Arbeidskrav:
Emnet har eitt arbeidskrav. Arbeidskravet består av ei obligatorisk innlevering etter kvar nettleksjon (om lag annankva veke). Alle innleveringane må vere godkjente for å få arbeidskravet godkjent.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Programmering for lærarar, 8.-13. trinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 | Alle |