Semestre
PROG2-510KFK Introduksjon til programmering for lærarar 2, 5.-10. trinn
Ingen
Studentane skal vidareutvikle kompetanse i å planleggje, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som inkluderer programmering. Vektlegginga av overgangen mellom visuell og tekstbasert programmering blir vidareført, men nå med eit større fokus på tekstprogrammering. I tillegg vil studentane få erfaring med å bruke mikrokontrollar og å utvikla prototypar.
Studentane bygg vidare på haustsemesteret og vidareutviklar eigne ferdigheiter i programmering og korleis programmering kan integrerast i undervisningsfag. Emnet fokuser på praktisk arbeid med programmering med relevante verktøy og metodar for 5.-10.-trinn, til dømes smidig metodikk og designtenking.
Undervisingen og det praktiske arbeidet vil organiserast rundt to prosjekt – eit programmeringsfagleg og eit didaktisk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- vise forståing for algoritmar
- har forståing for og kunne kombinere grunnleggande element i tekstprogrammering
- har forståing for overgangen frå visuell til tekstbasert programmering
- gjere greie for korleis integrere prototyping med mikrokontrollar i læringsarbeidet
- gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til visuell programmering
- gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til tekstbasert programmering
Studenten skal kunne
- tilpasse eksisterande programkode og algoritmar til nye problem
- kommentere, feilsøke og vidareutvikle program
- omsetje algoritmar frå visuelle programmeringsspråk til tekstbaserte programmeringsspråk
- utvikle program ved hjelp av tekstprogrammering
- lage oversiktlige og lesbare program
- utvikle prototypar med mikrokontroller
- planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til programmering
- vurdere elevarbeid som inkluderer programmering
Studenten skal kunne
- reflektere over korleis programmering kan styrke samarbeid, djupnelæring, kritisk tenking og stimulere til kreativitet.
- reflektere over programmering sin plass i undervisingsfag
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver er praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.
Frammøtekrav:
Ingen
Arbeidskrav:
- Studenten skal gjennomføre eit programmeringsprosjekt og dokumentere prosessen og resultatet gjennom ei innlevering. Prosessen vil bestå av fleire steg, definert i semesterplanen.
- Studenten skal gjennomføre eit pedagogisk utviklingsarbeid som inkluderer programmering og dokumentere prosessen og resultatet gjennom ei innlevering. Prosessen med utviklingsarbeidet vil bestå av fleire steg, definert i semesterplanen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Programmering for lærarar, 5.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 | Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld dei to obligatoriske mappeoppgåvene frå semesteret. | Alle |