Semestre
PROG2-813KFK Introduksjon til programmering for lærarar 2, 8.-13. trinn
Ikkje noko krav til forkunnskapar.
Studentane skal vidareutvikle kompetanse i å planleggje, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som inkluderer programmering. Det vil i hovudsak nyttast tekstbaserte programmeringsmiljø, og bli gitt ein innføring i programmering med mikrokontrollar.
Studentane bygg vidare på haustsemesteret og vidareutviklar eigne ferdigheiter i programmering og korleis programmering kan integrerast i undervisningsfag. Emnet fokuser på praktisk arbeid med programmering med relevante verktøy og metodar for 8.-13.-trinn, til dømes smidig metodikk og designtenking.
Undervisingen og det praktiske arbeidet vil organiserast rundt to prosjekt – eit programmeringsfagleg og eit didaktisk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- vise forståing for algoritmar
- har forståing for meir avanserte programstrukturer, til dømes ved bruk av funksjonar
- gjere greie for tekstbasert programmering som del av prototyping med mikrokontrollarar
- gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til tekstbasert programmering
Studenten skal kunne
- overføre løysingar til nye problem ved å generalisere og tilpasse eksisterande program
- kommentere, feilsøke og vidareutvikle program
- utvikle program av noko kompleksitet ved hjelp av tekstprogrammering
- lage oversiktlige og lesbare program
- utvikle prototypar med mikrokontroller
- planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til programmering
- vurdere elevarbeid som inkluderer programmering
Studenten skal kunne
- reflektere over korleis programmering kan styrke samarbeid, djupnelæring, kritisk tenking og stimulere til kreativitet.
- reflektere over programmering sin plass i undervisingsfag
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver er praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.
Frammøtekrav:
Ingen.
Arbeidskrav:
- Studenten skal gjennomføre eit programmeringsprosjekt og dokumentere prosessen og resultatet gjennom ei innlevering. Prosessen vil bestå av fleire steg, definert i semesterplanen.
- Studenten skal gjennomføre eit pedagogisk utviklingsarbeid som inkluderer programmering og dokumentere prosessen og resultatet gjennom ei innlevering. Prosessen med utviklingsarbeidet vil bestå av fleire steg, definert i semesterplanen.
- Programmering for lærarar, 8.-13. trinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 7 Dagar | Stått eller ikkje stått | 100 | Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld dei to obligatoriske mappeoppgåvene frå semesteret. |