Semestre
PROG2-813KFK Introduksjon til programmering for lærarar 2, 8.-13. trinn
Ingen
Studentane skal vidareutvikle kompetanse i å planleggje, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som inkluderer programmering. Det vil i hovudsak nyttast tekstbaserte programmeringsmiljø, og det blir gitt ei innføring i programmering med mikrokontrollar.
Studentane bygg vidare på haustsemesteret og vidareutviklar eigne ferdigheiter i programmering og korleis programmering kan integrerast i undervisningsfag. Emnet fokuser på praktisk arbeid med programmering med relevante verktøy og metodar for 8.-13.-trinn, til dømes smidig metodikk og designtenking.
Undervisingen er fullstendig nettbasert, men det blir forventa aktiv deltaking av studentane på diskusjonsforum, medstudentrettleiing, etc.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- forståing for algoritmar
- kunnskap om meir avanserte programstrukturer
- kunnskap om dataanalyse ved hjelp av programmering
- kunnskap om bruk av mikrokontrollarar i undervisning
Studenten skal kunne
- overføre løysingar til nye problem ved å generalisere og tilpasse eksisterande program
- kommentere, feilsøke og vidareutvikle program
- utvikle program av noko kompleksitet ved hjelp av tekstprogrammering
- kommentere, feilsøke og vidareutvikle program, samt produsere ryddig kode og dokumentasjon
- utvikle prototypar med mikrokontroller
- planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til programmering
- vurdere elevarbeid som inkluderer programmering
Studenten skal kunne
- reflektere over bruk av programmering for å tilrettelegge for læring i undervisningsfag
- bidra til å utvikle programmering i skulen som er fagleg grunngjeven
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver er praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.
Frammøtekrav:
Ingen.
Arbeidskrav:
Emnet har eitt arbeidskrav. Arbeidskravet består av obligatoriske innlevering spesifisert i semesterplanen. Alle innleveringane må vere godkjente for å få arbeidskravet godkjent.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Programmering for lærarar, 8.-13. trinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 7 Dagar | Stått eller ikkje stått | 100 |