Semestre

PROSB Prosessleiing og prosjektdesign

Emnekode: 
PROSB
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Formålet med emnet er å gi studentane kompetanse i korleis dei kan bruke ulike kommunikative arbeids- og planleggingsmetodar for å løyse utviklingsoppgåver i ulike samanhengar. 

Brei deltaking og brukarfokus blir i dag rekna som ein føresetnad for vellykka utviklingsarbeid både i samfunn og i organisasjonar. Emnet har som utgangspunkt at slik deltaking krev bevisste val av arbeidsformer og -metodar, som idedugnad, kreativ problemløysing osv., for å skape prosessar som fremmar demokrati, dialog, kreativitet, innovasjon og refleksjon, og prosessar som gir forankring av og forpikting til dei løysingane som ein kjem fram til.

Emnet er øvingsorientert med stor vekt på gruppearbeid med sams metodelæring og erfaringsutveksling på tvers av fag, forvaltningsnivå og offentlig-, privat- eller frivillig sektor m.m. Øvingane tek utgangspunkt i dei utfordringar og planproblem som deltakarane sjølv har, og gjennom gruppearbeid skal studentane øvast i prosessleiing og dei skal få hjelp til å utforme ein prosjektdesign for eit utviklingsarbeid.

Emnet tek utgangspunkt i studentar sine planproblem knytt til utviklingsarbeid/prosjekt i samfunn og organisasjonar, og målet med emnet er å gi studentane kompetanse i korleis dei kan bruke ulike kommunikative arbeids- og planleggingsmetodar for å løyse eigne planproblem.

Emnet blir innpassa i vårt Masterprogram i samfunnsplanlegging og leiing og kan søkast innpassa i andre masterprogram.  

Emnet eignar seg for nyutdanna med profesjonsutdanningar eller anna høgare utdanning, og for fagfolk i praksis (planleggarar, leiarar og andre tilsette) med ansvar for samfunnsplanlegging, lokalsamfunnsarbeid og/eller organisasjonsutvikling i offentleg, privat eller frivillig sektor. Emnet eignar seg også for dei som ønsker seg slike stillingar. Emnet eignar seg også for dei som ønsker å jobbe på desse felta.

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap om kommunikative metodar i ein teoretisk og filosofisk samanheng
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • beherske ulike kommunikative arbeidsmetodar i praksis og være øvd i rolla som prosessleiar
  • forbetre eller vidareutvikle prosjektplanar og prosessdesign
  • vurdere og gi tilbakemelding på andre sine prosessdesign og prosjektplanar
  • analysere og forstå eigen rolle i gruppeprosessar
  • analysere og forstå andre sin rolle i gruppeprosessar

 

Generell kompetanse

Studenten skal vere i stand til sjølvstendig å

  • anvende teoretisk, praktisk og filosofisk kunnskap om kommunikative arbeidsmetodar for å lage eit gjennomførbart prosessdesign innanfor ein gitt og eigen valt kontekst
  • vurdere og drøfte kva rolle kunnskap, ferdigheiter, haldningar og verdiar spelar i gruppeprosessar generelt, og i høve eigen prosessdesign spesielt
  • kritisk og reflektere over eigen rolle, kunnskap, ferdigheiter og haldningar og verdiar 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Firmaet Utviklingskompetanse AS ved Tor J. Skogstad tilbyr dette emnet som etterutdanningskurs.

Utviklingskompetanse AS er lokalisert i Bodø, Tlf. 75 51 76 44 /mobil: 977 01 621 http://www.prosessledelse.no

Det er inngått avtale mellom Utviklingskompetanse AS og Høgskulen i Volda om eksamen for dei som ønsker å ta eksamen. Vi råder dei som har generell studiekompetanse eller realkompetanse til å bruke kurset til å ta eksamen i emnet PROSB Prosessleiing og prosjektdesign og få 15 studiepoeng på bachelornivå. Vi råder dei som tilfredsstiller krava til opptak til mastergraden Samfunnsplanlegging og leiing til å bruke kurset til å avlegge eksamen i det noko større og meir avanserte masteremnet IPA302KOMP Prosessleiing og prosjektdesign.

Kurset går over sju dagar fordelt på tre samlingar (2+3+2). For å avgrense reise- og oppholdsutgiftene til dei enkelte kursdeltakarane, foregår samlingane og undervisninga i dei regionane eller kommunane der kursdeltakarane høyrer til. Kurset er organisert som ein kombinasjon av regionale og interkommunale samlingar, eigenstudie og arbeidsgrupper som kursdeltakarane sjølve organiserer.

Læringsforma tar utgangspunkt i at deltakarane skal få mykje tid samen til formell og uformell læring i og utanfor samlingane. Både i undervisinga og under gruppearbeid og øvingar, er dialog og aktiv medverknad ein føresetnad. I tillegg til ordinære førelesningar, blir det lagt stor vekt på at deltakarene gjennom heimeoppgåver, gruppearbeid, øvingar og erfaringsutveksling skal lære å knyte teorien til eigne erfaringar og arbeidsoppgåver.

Til kurset er det knytt undervisingskrefter med god teoretisk og praktisk fagkompetanse. Det blir også brukt læremidlar som er relevante for arbeidsoppgåvene til kursdeltakarane.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Alle samlingane er øvingsbaserte der kommunikasjon mellom deltakarane for å løyse eigne og andre sine planleggingsutfordringar står sentralt. Derfor er det krav om obligatorisk oppmøte på disse (80%).

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Roar Amdam
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Digital eksamen.
Alle.
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei eksamensmappe med to delar:

Del 1) Prosjektdesign. Denne delen skal formast som ein prosjektdesign (prosessplan) for eit aktuelt plan- og utviklingsarbeid i eit lokalsamfunn eller ein organisasjon. Denne delen kan vere eit gruppearbeid, og kan vere på om lag 3000 ord. Dersom prosjektdesignen blir utarbeidd i ei gruppe, skal dette gå tydeleg fram.

Del 2) Drøfting. Denne delen av mappa skal vere ei fagleg grunngjeving av aktivitetar og tiltak i prosjektdesignen. Drøftinga bør ta utgangspunkt i styrke og svakheiter ved designen og måten designen har blitt til på. Drøftinga bør også identifisere kritiske punkt i designen, velje ut nokre av teknikk- og metodevala og fagleg grunngje dei. Denne delen skal vere individuell, og vere på 3000 ord (+/-10%). Litteraturlista og evt, vedlegg tel ikkje med i talet på ord.

Dersom prosjektdesignen (del 1) vert utarbeidd i ei gruppe, har kvar gruppedeltakar i drøftingsdelen (del 2) høve til å foreslå endringar/forbetringar av prosjektdesignen. Slike nye forslag/forbetringar må gå tydeleg fram og dei må grunngjevast i drøftingsdelen.

Studentane får rettleiing undervegs. Mappa skal leverast som eitt individuelt dokument, og delane prosjektdesign (del 1) og drøfting (del 2) må gå tydeleg fram av innhaldslista.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 28.02.19