Semestre

PROSB Prosessledelse i plan- og utviklingsarbeid (i samarbeid med Utviklingskompetanse AS)

Emnekode: 
PROSB
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Brei deltaking blir i dag rekna som ein føresetnad for vellykka utviklingsarbeid både i samfunn og i organisasjonar. Bruken av kommunikative metodar som idedugnad, kreativ problemløysing osv. i plan- og utviklingsarbeid har som formål å skape gruppeprosessar som fremmar deltaking, dialog, kreativitet m.m. og som gir forankring av og forpikting til dei løysingane som ein kjem fram til.

Emnet er øvingsorientert med stor vekt på gruppearbeid med sams metodelæring og erfaringsutveksling på tvers av fag, forvaltningsnivå og offentlig-, privat- eller frivillig sektor m.m. Øvingane tek utgangspunkt i dei utfordringar og planproblem som deltakarane sjølv har, og gjennom gruppearbeid skal dei få hjelp til korleis dei kan utforme ein prosessdesign for å arbeide med planproblema.

Emnet tek utgangspunkt i studentar sine planproblem knytt til utviklingsarbeid/prosjekt i samfunn og organisasjonar, og målet med emnet er å gi studentane kompetanse i korleis dei kan bruke ulike kommunikative arbeids- og planleggingsmetodar for å løyse eigne planproblem. Det er difor ønskeleg at studentane har gjennomført eitt eller fleire av desse masteremna: Regional planlegging og utvikling, Offentleg organisering og leiing, Leiing og personalutvikling, Meistring og myndiggjering eller tilsvarende emne, og at dei dermed har utvikla emne til å formulere relevante planproblem og har god teoretisk kunnskap til det emnet planproblemet tilhøyrer.

Emnet eignar seg for nyutdanna med profesjonsutdanningar eller anna høgare utdanning, og for fagfolk i praksis (planleggarar, leiarar og andre tilsette) med ansvar for samfunnsplanlegging, lokalsamfunnsarbeid og/eller organisasjonsutvikling i offentleg, privat eller frivillig sektor. Emnet eignar seg også for dei som ønsker seg slike stillingar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • Kunnskap om kommunikative metodar i ein teoretisk og filosofisk samanheng.
Ferdigheiter
  • Til  proaktivt utviklingsarbeid og prosjektarbeid. 
  • Til sjølv å bruke kommunikative metodar i organisasjons- og samfunnsutviklingsarbeid.
  • Til kritisk vurdering av ulike modellar og "oppskrifter" for medverknads- og planprosessar i samfunn og organisasjonar.t.
Generell kompetanse

Gjennom forelesingar, dialog, heimeoppgåver og praktiske øvingar skal studentane utvikle:

  • Evna til kritisk refleksjon over andre si rolle i gruppeprosessar.
  • Evne til kritisk refleksjon over eigen kunnskap, ferdigheiter og holdningar/verdiar. 
  • Praktisk handlingskompetanse i å lage planprogram/planstrategiar og å designe og leie utviklingsprosessar og prosjekt.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Firmaet Utviklingskompetanse AS ved Tor J. Skogstad tilbyr dette kurset som etterutdanning.

Utviklingskompetanse AS er lokalisert i Bodø, Tlf. 75 51 76 44 /mobil: 977 01 621 http://www.prosessledelse.no

Det er inngått avtale mellom Utviklingskompetanse AS og Høgskolen i Volda om eksamen for dei som ønsker å ta eksamen. Vi rår dei som har generell studiekompetanse eller realkompetanse til å bruke kurset til å ta eksamen i emnet PROS Prosessledelse i plan- og utviklingsarbeid og få 15 studiepoeng på bachelornivå. Vi rår dei som tilfredsstiller krava til opptak til mastergraden vår i Samfunnsplanlegging og leiing til å bruke kurset til å avlegge eksamen i det noko større og meir avanserte mastergradsemnet IPA302KOMP Prosessleiing i samfunn og organisasjonar.

Kurset går over sju dagar fordelt på tre samlingar (2+3+2). For å begrense reise- og oppholdsutgiftene til dei enkelte kursdeltakarane, foregår samlingane og undervisninga i dei regionar eller kommunar der kursdeltakarane har sin tilhørigheit. Kurset er organisert som ein kombinasjon av regionale og interkommunale samlingar, eigenstudie og arbeidsgrupper som kursdeltakarane sjølv organiserer.

Læringsforma tar utgangspunkt i at deltakarane skal få mye tid samen til formell og uformell læring i og utanfor samlingane. Både i undervisninga og under gruppearbeid og øvingar, er dialog og aktiv medvirkning ei forutsetning. I tillegg til ordinære forelesningar, blir det lagt stor vekt på at deltakarene gjennom gruppearbeid, øvingar og erfaringsutveksling skal lære å knytte teorien til eigne erfaringar og arbeidsoppgåver.

Til kurset er det knytt undervisningskrefter med god teoretisk og praktisk fagkompetanse. Det blir også brukt læremidlar som er relevante for kursdeltakaranes arbeidsoppgåver.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Alle samlingane er øvingsbaserte der kommunikasjon mellom deltakarane for å løyse eigne og andre sine planleggingsutfordringar står sentralt. Derfor er det krav om obligatorisk oppmøte på disse (80%).

Evaluering og kvalitetssikring

Ei eiga kvalitetsvurdering blir gjennomført for kvar samling og kvart kurs.

Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Roar Amdam
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Digital eksamen.
Eksamen i emnet er ei innlevert mappe med eit prosjektnotat. Studentane får rettleiing undervegs og prosjektnotatet består av to delar:

Del 1) Prosessdesign/prosessplan. Den første delen skal formast som ein prosessdesign/prosessplan for eit aktuelt plan- og utviklingsarbeid i eit lokalsamfunn eller ein organisasjon. Denne delen av prosjektnotatet kan vere eit gruppearbeid, og den bør vere på om lag 3000 ord.

Del 2) Drøfting. Den andre delen skal vere ei fagleg begrunning av aktivitetar og tiltak i designen. Drøftinga bør ta utgangspunkt i styrke og svakheiter ved designen og måten designen har blitt til på. Drøftinga bør også identifisere kritiske punkt i designen, velje ut nokre av teknikk- og metodevala og faglig begrunne dei. Denne delen av prosjektnotatet skal vere individuell, og skal vere på 3000 ord (+/-10 %). Litteraturlista og evt, vedlegg tel ikkje med i talet på ord.

Dersom prosessdesign/prosessplan (del 1) vert utarbeidd i ei gruppe, har kvar gruppedeltakar høve til å foreslå endringar/forbetringar i drøftingsdelen (del 2), og nye forslag/forbetringar må gå tydeleg fram.

Mappa skal leverast som eitt individuelt prosjektnotat/dokument, og delane prosessdesign (del 1) og drøfting (del 2) må gå tydeleg fram av innhaldslista til notatet.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 15.04.16