Semestre

REL111 Bibelen - tekst og tolking

Emnekode: 
REL111
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet skal gje god bibelkunnskap, grunnleggjande forståing av bibelske tekstar og innsikt i korleis ein kan nytte bibeltekstar i KRLE- og RE-faget og i anna opplæring og formidling. Vi arbeider med eit utval tekstar frå Det gamle og Det nye testamente.

Emnet er delt i tre delar

Del 1: Innføring i bibelfag

· Bibelens opphav og innhald (tekst og kanonhistorie)

· Forholdet mellom den jødiske og den kristne Bibelen

· Forholdet mellom bibelforteljing og historie i det gamle Israel

· Historie og kultur i Palestina i bibelsk tid

Del 2: Bibelfagleg tekststudium

· Grunnleggjande tekstanalyse

· Bibellesing og tolking

· Bibelen si verknadshistorie

Del 3: Bibelen i undervisning

· Korleis lese Bibelen som heilskap

· Prinsipp og arbeidsmåtar for undervisning i Bibelen (bibeldidaktikk)

· Rammene for religionsfaget i skulen og læreplanarbeid

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

- kunnskap om Bibelen som litterær samling og som religiøst og historisk dokument

- kunnskap om innhaldet i Bibelen

- kunnskap om Bibelen si tolkingshistorie

- nærare kunnskap om eit utval bibelske tekstar

- kjennskap til Bibelens verknadshistorie i kunst og kultur

- kunnskap om bruk av Bibelen i skulen og i trusopplæring

 

Ferdigheiter

- kunne nytte bibelfagleg litteratur i analyse og tolking av bibelske tekstar

- kunne bruke ulike metodar i tolking av tekstar frå Det gamle og Det nye testamente

- kunne drøfte spørsmål som gjeld tolking av Bibelen med fagleg innsikt

- ha fagleg grunnlag for å kunne planlegge og gjennomføre undervisning om bibelske tekstar og tema

Generell kompetanse

- kunne bruke tekstanalystisk kunnskap knytt til gamle tekstar 

- kunne bruke kunnskapar om Bibelen på ein sjølvstendig og reflektert måte

- kunne nytte kunnskapar og ferdigheiter reflektert og kritisk i utdannings- og yrkessamanheng

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga skjer gjennom førelesingar og seminar med ulike typar studentaktivitet. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80%), jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten sjølv gjennom lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og aktiv deltaking i undervisninga.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten:

- ha bestått ei kunnskapsprøve

- ha skrive ei oppgåve på inntil 1500 ord

- ha kommentert ein medstudents tekst

- ha framført ein digital presentasjon av eit kunstverk (frå kristen bildekunst eller arkitektur) og skrive ein akademisk tekst på 1000 ord som fortel om dette

- ha levert utkast til eksamensoppgåva til rettleiing til fastsett frist

Emne, omfang på arbeida og leveringsfristar blir kunngjort i semesterplanen.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Kristin Hatlebrekke
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelor i religion og livssyn
  • Historie - bachelor
  • Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
  • Religion, kultur og samfunn 30 stp
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Oppgåva skal leverast digitalt. Problemstillinga er knytt til eitt eller fleire av delemna. Omfanget på oppgåva skal vere inntil 2500 ord.
Bibel og Evangeliesynopse.
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Individuell munnleg prøve kan gjelde alle delemna.
Bibel og Evangeliesynopse.
Godkjent av: 
Arne Myklebust