Semestre
REL111 Bibelen - tekst og tolking
Ingen
Emnet skal gje god bibelkunnskap, grunnleggjande forståing av bibelske tekster og innsikt i korleis ein kan nytte bibeltekster i KRLE- og RE-faget og i anna formidling.
Emnet er delt i tre delar
Del 1: Innføring i bibelfag
· Bibelens opphav og innhald (tekst og kanonhistorie)
· Forholdet mellom den jødiske og den kristne Bibelen
· Forholdet mellom bibelforteljing og historie
· Historie og kultur i Palestina i bibelsk tid
Del 2: Bibelfagleg tekststudium
· Arbeid med bibeltekster (grunnleggjande tekstanalyse)
· Bibelen si verknadshistorie
· Bibellesing og tolking
Del 3: Bibelen i undervisning
· Bibelen som heilskap
· Prinsipp og arbeidsmåtar for undervisning i Bibelen (bibeldidaktikk)
· Rammene for KRLE-faget i skulen og læreplanarbeid
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- kunnskap om Bibelen som litterær samling og som religiøst og historisk dokument
- kunnskap om innhaldet i Bibelen
- kjennskap til Bibelens verknadshistorie i kunst og kultur
- kunnskap om bruk av Bibelen i skulen og i trusopplæring
- kunne drøfte spørsmål som gjeld tolking av Bibelen og bruke ulike tolkingsmetodar på tekster frå Det gamle og Det nye testamentet
- ha fagleg grunnlag for å kunne planlegge og gjennomføre undervisning om bibelske tekster og tema
- kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
- kunne nytte kunnskapar og ferdigheiter reflektert og kritisk i utdannings- og yrkessamanheng
Undervisninga skjer gjennom førelesingar og seminar med ulike typar stundentaktivitet. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80%), jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten gjennom eiga lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar og aktiv deltaking i undervisninga.
Vi tilbyr studietur til Redbridge i London frå 16. til 20. oktober 2017. Der vil vi besøke ulike trussamfunn og gudshus, som f.eks. moske, hindutempel og synagoge og bli kjent med engelsk religionsundervisning i multikulturelle skular. Turen vil koste om lag 5000 kroner. Det inkluderer flyreise tur/retur Vigra - London, overnatting og kursavgift.
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten:
- ha bestått to kunnskapsprøver innan frister som instituttet fastset.
- ha fått godkjent tre faglege arbeid.
Emne, omfang på arbeida og leveringsfristar blir kunngjort i semesterplanen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.(http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Bachelor i religion og livssyn
- Historie - bachelor
- Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
- Religion, kultur og samfunn 30 stp
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Digital eksamen. 2500 ord knytt til eitt eller fleire av delemna. | Bibel og Evangeliesynopse. | 2500 ord |
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Individuell munnleg prøve kan gjelde alle delemna. | Bibel og Evangeliesynopse. |