Semestre
REL111 Bibelen - tekst og tolking
Ingen.
Emnet skal gje god bibelkunnskap, grunnleggjande forståing av bibelske tekstar og innsikt i korleis ein kan nytte bibeltekstar i KRLE- og RE-faget og i anna opplæring og formidling. Vi arbeider med eit utval tekstar frå Det gamle og Det nye testamente.
Emnet er delt i tre delar
Del 1: Innføring i bibelfag
· Bibelens opphav og innhald (tekst og kanonhistorie)
· Forholdet mellom den jødiske og den kristne Bibelen
· Forholdet mellom bibelforteljing og historie i det gamle Israel
· Historie og kultur i Palestina i bibelsk tid
Del 2: Bibelfagleg tekststudium
· Grunnleggjande tekstanalyse
· Bibellesing og tolking
· Bibelen si verknadshistorie
Del 3: Bibelen i undervisning
· Korleis lese Bibelen som heilskap
· Prinsipp og arbeidsmåtar for undervisning i Bibelen (bibeldidaktikk)
· Rammene for religionsfaget i skulen og læreplanarbeid
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- kunnskap om Bibelen som litterær samling og som religiøst og historisk dokument
- kunnskap om innhaldet i Bibelen
- kunnskap om Bibelen si tolkingshistorie
- nærare kunnskap om eit utval bibelske tekstar
- kjennskap til Bibelens verknadshistorie i kunst og kultur
- kunnskap om bruk av Bibelen i skulen og i trusopplæring
- kunne nytte bibelfagleg litteratur i analyse og tolking av bibelske tekstar
- kunne bruke ulike metodar i tolking av tekstar frå Det gamle og Det nye testamente
- kunne drøfte spørsmål som gjeld tolking av Bibelen med fagleg innsikt
- ha fagleg grunnlag for å kunne planlegge og gjennomføre undervisning om bibelske tekstar og tema
- kunne bruke tekstanalystisk kunnskap knytt til gamle tekstar
- kunne bruke kunnskapar om Bibelen på ein sjølvstendig og reflektert måte
- kunne nytte kunnskapar og ferdigheiter reflektert og kritisk i utdannings- og yrkessamanheng
Undervisninga skjer gjennom førelesingar og seminar med ulike typar studentaktivitet. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80%), jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten gjennom eiga lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og deltaking i undervisninga.
I haustsemesteret i veke 40 tilbyr vi studietur til Redbridge i London. Der vil vi besøke ulike trussamfunn og gudshus, som f.eks. moske, hindutempel og synagoge og bli kjent med engelsk religionsundervisning i multikulturelle skular. Turen vil koste om lag 4000 kroner. Det inkluderer flyreise tur/retur Vigra - London, overnatting og kursavgift. Vi oppmodar deg til å vere med på denne turen!
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten:
- ha bestått ei kunnskapsprøve
- ha skrive ei oppgåve på inntil 1500 ord
- ha kommentert ein medstudents tekst
- ha framført ein digital presentasjon av eit kunstverk (frå kristen bildekunst eller arkitektur) og skrive ein akademisk tekst på 1000 ord som fortel om dette
- ha levert utkast til eksamensoppgåva til rettleiing til fastsett frist
Emne, omfang på arbeida og leveringsfristar blir kunngjort i semesterplanen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Bachelor i religion og livssyn
- Historie - bachelor
- Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
- Religion, kultur og samfunn 30 stp
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Oppgåva skal leverast digitalt. Problemstillinga er knytt til eitt eller fleire av delemna. Omfanget på oppgåva skal vere inntil 2500 ord. | Bibel og Evangeliesynopse. | |
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Individuell munnleg prøve kan gjelde alle delemna. | Bibel og Evangeliesynopse. |