Semestre
REL111N-AVG Bibelen - tekst og tolking
Ingen
Emnet kan vere del av både Religion, livssyn og etikk 15x2 og 15x4 stp. nettstudium. Det skal gje god bibelkunnskap, grunnleggjande forståing av bibelske tekstar og innsikt i korleis ein kan nytte tekstar i skulen og i anna opplæring og formidling.
Emnet er delt i tre delemne
Del 1: Innføring i bibelfag
· Bibelens opphav og innhald (tekst- og kanonhistorie)
· Forholdet mellom den jødiske og den kristne Bibelen
· Forholdet mellom bibelforteljing og historie i det gamle Israel
· Historie og kultur i Palestina i bibelsk tid
Del 2: Bibelfagleg tekststudium
· Grunnleggjande tekstanalyse
· Bibellesing og tolking
· Bibelen si verknadshistorie
Del 3: Bibelen i undervisning
· Korleis lese Bibelen som heilskap?
· Prinsipp og arbeidsmåtar for undervisning i Bibelen (bibeldidaktikk)
- Rammene for KRLE-faget i skulen og læreplanarbeid
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- kunnskap om Bibelen som litterær samling og som religiøst og historisk dokument
- kunnskap om innhaldet i Bibelen
- nærare kunnskap om eit utval bibelske tekster
- kjennskap til Bibelens verknadshistorie i kunst og kultur
- kunnskap om bruk av Bibelen i skulen og i trusopplæring
- kunne nytte bibelfagleg litteratur i analyse og tolking av bibelske tekster
- kunne bruke ulike metodar i tolking av tekster frå Det gamle og Det nye testamentet
- kunne drøfte spørsmål som gjeld tolking av Bibelen med fagleg innsikt
- ha fagleg grunnlag for å kunne planlegge og gjennomføre undervisning om bibelske tekster og tema
Etter fullført studium kan studenten
- bruke tekstanalytiske kunnskapar i tolking av gamle tekster
- bruke kunnskapar om Bibelen på ein sjølvstendig og reflektert måte
- bruke kunnskapar og ferdigheiter reflektert og kritisk i utdannings- og yrkessamanheng
- Studenten har grunnleggande digital kompetanse
Emnet er nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Fristar for arbeidskrav vert kunngjort ved studiestart. Som for andre studium ligg det primære ansvaret for læringsutbytet hjå studenten gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking i Canvas.
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten
- ha fått godkjent to arbeidskrav innan fastsett frist
Oppgåveformuleringar og fristar blir gjort kjent ved studiestart.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Kr. 4000.
- Religion, livssyn og etikk, opne emne
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital eksamen | Individuell | 30 minutt | Stått eller ikkje stått | Begge eksamensdelar må vere bestått for å få godkjent emnet. | Alle | Ei digital prøve | |
Heimeeksamen | Individuell | 5 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Begge eksamensdelar må vere bestått for å få godkjent emnet. | Alle | Heimeeksamen skal ha inntil 3000 ord. |