Semestre

REL111N-AVG Bibelen - tekst og tolking

Emnekode: 
REL111N-AVG
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet kan vere del av både Religion, livssyn og etikk 15x2 og 15x4 stp. nettstudium. Det skal gje god bibelkunnskap, grunnleggjande forståing av bibelske tekstar og innsikt i korleis ein kan nytte tekstar i skulen og i anna formidling.

Emnet er delt i tre delemne

Del 1: Innføring i bibelfag

· Bibelens opphav og innhald (tekst- og kanonhistorie)

· Forholdet mellom den jødiske og den kristne Bibelen

· Forholdet mellom bibelforteljing og historie

· Historie og kultur i Palestina i bibelsk tid

Del 2: Bibelfagleg tekststudium

· Arbeid med bibeltekster (grunnleggjande tekstanalyse)

· Bibelen si verknadshistorie

· Bibellesing og tolking

Del 3: Bibelen i undervisning

· Bibelen som heilskap

· Prinsipp og arbeidsmåtar for undervisning i Bibelen (bibeldidaktikk)

- Rammene for KRLE-faget i skulen og læreplanarbeid

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

- kunnskap om Bibelen som litterær samling og som religiøst og historisk dokument

- kunnskap om innhaldet i Bibelen

- kjennskap til Bibelens verknadshistorie i kunst og kultur

- kunnskap om bruk av Bibelen i skulen og i trusopplæring

 

Ferdigheiter

- kunne drøfte spørsmål som gjeld tolking av Bibelen og bruke ulike tolkingsmetodar på tekster frå Det gamle og Det nye testamentet

- ha fagleg grunnlag for å kunne planlegge og gjennomføre undervisning om bibelske tekster og tema

Generell kompetanse

- kan bruke kunnskapar og ferdigheiter sjølvstendig i utdannings- og yrkessamanheng

- har grunnleggande digital kompetanse

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Fristar for arbeidskrav vert kunngjort ved studiestart.  Som for andre studium ligg det primære ansvaret for læringsutbytet hjå studenten gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking i Canvas.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten

  • ha fått godkjent to arbeidskrav 
Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.(http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Bente Afset
Studieavgift

Kr. 4000.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Religion, livssyn og etikk, 2x15 stp nettstudium
  • Religion, livssyn og etikk, 4*15 stp nettstudium, deltid
  • Religion, livssyn og etikk, 4x15 stp nettstudium
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
1/3
Ei digital fleirvalsprøve i Inspera.
Alle
Heimeeksamen
Individuell
2 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
2/3
Alle
Heimeeksamen skal ha om lag 3000 ord +/- 10 %.