Semestre

REL112 Religion og livssyn

Emnekode: 
REL112
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet skal gje god kunnskap om dei store verdsreligionane, filosofi og sekulære livssyn og moderne religiøse rørsler både i historisk perspektiv og i samtidsperspektiv.

Emnet hentar stoff frå fagområda religions- og livssynskunnskap, teologi og filosofi. Fagstoffet er fordelt på tre delemne:

Del 1: Verdsreligionar
Delemnet er henta frå religionskunnskapen, og er konsentrert om verdsreligionane jødedom, islam, hinduisme, buddhisme og aust-asiatiske religionar. Delemnet omfattar også sentrale tekstar frå religionane.

Del 2: Religion og livssyn i dag
Delemnet kombinerer stoff frå religions- og livssynskunnskap, og er konsentrert om sekulære livssyn, nyreligiøsitet og dei religionsmøta som finn stad i ein globalisert tidsalder.

Del 3: Filosofi og etikk
Delemnet kombinerer stoff frå filosofihistorie og etikk. Det blir lagt vekt på både eit historisk og eit aktuelt perspektiv.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført studium skal studenten

  • ha kunnskap om dei ulike religionane og livssyna i historisk perspektiv
  • ha kunnskap om religionane sine heilage skrifter
  • ha kunnskap om dei sentrale elementa i truslæra til dei store verdsreligionane og hovudtankane i dei sekulære livssyna
  • ha kunnskap om korleis dei store verdsreligionane og dei sekulære livssyna blir praktisert i dag og reflektere over kulturmøta som skjer i det norske samfunnet
  • ha kunnskap om nyreligiøse retningar i Noreg
  • ha kunnskap om eit utval av eldre og nyare filosofar
  • ha kunnskap om grunnleggjande etiske omgrep og normative etiske teoriar
Ferdigheiter

Etter fullført studium skal studenten

  • kunne analysere både innhaldet i religionane og livssyna og måten dei blir utøvd på, blant anna særskilt kunne drøfte islam sitt møte med Vesten
  • kunne drøfte religions- og livssyndialogen i Noreg
  • kunne analysere og tolke tekster frå ulike tradisjonar
  • kunne formidle kunnskapane sine skriftleg
Generell kompetanse

Emnet skal utvikle evna til sjølvstendig tenking omkring religionar og livssyn

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er obligatorisk og skjer gjennom førelesingar og seminar og er organisert i samsvar med dei tre delemna verdsreligionar, religion og livssyn i dag, filosofi og etikk. Studentane vil få eit kurs i oppgåveskriving og studieteknikk. I emnet inngår ein ekskursjon til London i haustsemesteret, der ein vitjar skular og ulike religiøse samfunn (med atterhald om nok påmeldte).

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha gjennomført følgjande arbeidskrav innanfor tidsfristar som vert opplyste om ved semesterstart:
- ha fått godkjent ei kunnskapsprøve

- ha fått godkjent tre faglege arbeid og ha presentert eitt av dei munnleg

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Ralph Meier
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelor i religion og livssyn
  • Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
  • Religion, kultur og samfunn 30 stp
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Digital eksamen.
Ingen
Godkjent av: 
Bente Afset