Semestre
REL112 Religion og livssyn
Ingen.
Emnet skal gje god kunnskap om ulike religionar, filosofi og ikkje-religiøse livssyn og moderne religiøse rørsler både i historisk perspektiv og i samtidsperspektiv.
Emnet hentar stoff frå fagområda religions- og livssynskunnskap og filosofi. Fagstoffet er fordelt på tre delemne:
Del 1: Religionar
Delemnet er konsentrert om religionane jødedom, islam, hinduisme, buddhisme og aust-asiatiske religionar. Delemnet tek føre seg truslæra i religionane, men omfattar også sentrale heilage tekstar og korleis menneske utøver og lever med religion.
Del 2: Religion og livssyn i dag
Delemnet kombinerer stoff frå religions- og livssynskunnskap, og er konsentrert om ikkje-religiøse livssyn, nyreligiøsitet og dei religionsmøta som finn stad i ein globalisert tidsalder.
Del 3: Filosofi og etikk
Delemnet kombinerer stoff frå filosofihistorie og etikk. Det blir lagt vekt på både eit historisk og eit aktuelt perspektiv der samtida sitt levande forhold til historia blir vektlagt. Delemnet vil også samanlikne filosofane og religionane sine tilnærmingar til røyndomen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført studium skal studenten
ha kunnskap om dei ulike religionane og livssyna i historisk og samanliknande perspektiv
ha kunnskap om religionane sine heilage skrifter
ha kunnskap om dei sentrale elementa i truslæra til dei ulike religionane og hovudtankane i dei ikkje-religiøse livssyna
ha kunnskap om korleis dei ulike religionane og dei ikkje-religiøse livssyna blir praktiserte i dag, og reflektere over kulturmøta som skjer i det norske samfunnet
ha kunnskap om nyreligiøse retningar i Noreg
ha kunnskap om eit utval av eldre og nyare filosofar
ha kunnskap om grunnleggjande etiske omgrep og normative etiske teoriar
Etter fullført studium skal studenten
kunne analysere kritisk både innhaldet i religionane og livssyna og måten dei blir utøvde på, blant anna særskilt kunne drøfte islam sitt møte med Vesten
kunne drøfte religions- og livssynsdialogen i Noreg
kunne analysere og tolke tekstar frå ulike tradisjonar
kunne formidle kunnskapane sine skriftleg og munnleg
Emnet skal utvikle evna til sjølvstendig tenking omkring religionar og livssyn.
Undervisninga er obligatorisk og skjer gjennom førelesingar og seminar og er organisert i samsvar med dei tre delemna religionar, religion og livssyn i dag, filosofi og etikk. Studentane vil få eit kurs i oppgåveskriving og studieteknikk. I haustsemesteret i veke 40 tilbyr vi studietur til Redbridge i London. Der vil vi besøke ulike trussamfunn og gudshus, som f.eks. moske, hindutempel og synagoge og bli kjent med engelsk religionsundervisning i multikulturelle skular. Turen vil koste om lag 4000 kroner. Det inkluderer flyreise tur/retur Vigra - London, overnatting og kursavgift. Vi oppmodar deg til å vere med på denne turen!
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha gjennomført følgjande arbeidskrav innanfor tidsfristar som vert opplyste om ved semesterstart:
- ha fått godkjent ei kunnskapsprøve
- ha fått godkjent tre faglege arbeid og ha presentert eitt av dei munnleg
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Bachelor i religion og livssyn
- Historie - bachelor
- Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
- Religion, kultur og samfunn 30 stp
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 4 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Digital eksamen. | Ingen. |