Semestre

REL112N-AVG Religion og livssyn

Emnekode: 
REL112N-AVG
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet kan vere del både av halvårs- og årsstudium i RLE. Det skal gje god kunnskap om dei store verdsreligionane, filosofi og sekulære livssyn og moderne religiøse rørsler både i historisk perspektiv og i samtidsperspektiv.

Emnet hentar stoff frå fagområda religions- og livssynskunnskap, teologi og filosofi. Fagstoffet er fordelt på tre delemne:

Del 1: Verdsreligionar
Delemnet er henta frå religionskunnskapen, og er konsentrert om verdsreligionane jødedom, islam, hinduisme, buddhisme og aust-asiatiske religionar. Delemnet omfattar også sentrale tekstar frå religionane.

Del 2: Religion og livssyn i dag
Delemnet kombinerer stoff frå religions- og livssynskunnskap, og er konsentrert om sekulære livssyn, nyreligiøsitet og dei religionsmøta som finn stad i ein globalisert tidsalder.

Del 3: Filosofi og etikk
Delemnet kombinerer stoff frå filosofihistorie og etikk. Det blir lagt vekt på både eit historisk og eit aktuelt perspektiv.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • om dei ulike religionane og livssyna i historisk perspektiv
  • om religionane sine heilage skrifter
  • om dei sentrale elementa i truslæra til dei store verdsreligionane og hovudtankane i dei sekulære livssyna
  • om korleis dei store verdsreligionane og dei sekulære livssyna blir praktisert i dag og reflektere over kulturmøta som skjer i det norske samfunnet
  • om nyreligiøse retningar i Noreg
  • om eit utval av eldre og nyare filosofar
  • om grunnleggjande etiske omgrep og normative etiske teoriar
Ferdigheiter
  • til å kunne analysere både innhaldet i religionane og livssyna og måten dei blir utøvd på, blant anna særskilt kunne drøfte islam sitt møte med Vesten
  • til å kunne drøfte religions- og livssyndialogen i Noreg
  • til å kunne formidle kunnskapane sine skriftleg
Generell kompetanse
  • grunnleggjande digital kompetanse
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert og primært lagt til rette i undervisningsverktyet Fronter. Studiet vert organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar, kunnskapsprøve og innleveringar. Fristar vert kunngjort ved semesterstart gjennom denne kalenderen. Studiet er delt inn i dei tre delemna verdsreligionar, religion og livssyn i dag, filosofi og etikk.Som for andre studium ligg det primære ansvaret for læringsutbyttet hjå studenten gjennom lesing og oppgåveskriving. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten
- ha bestått ei digital kunnskapsprøve innan ein frist som instituttet fastset 
- ha fått godkjent tre innleveringar knytt til eitt eller fleire av delemna innan fastsett frist

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Mathias Nygaard
Studieavgift

kr. 4000

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Religion, livssyn og etikk, 2x15 stp nettstudium
  • Religion, livssyn og etikk, 4x15 stp nettstudium
  • Vidareutdanning for lærarar i religion, livssyn og etikk 2x15 stp, nettstudium
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
2 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Inntil 3000 ord.