Semestre

REL112N-AVG Religion og livssyn

Emnekode: 
REL112N-AVG
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet kan vere del både av Religion, livssyn og etikk 2x15 og 4x15 nettstudium. Det skal gje god kunnskap om dei store verdsreligionane, filosofi, sekulære livssyn og moderne religiøse rørsler og vil gje forståing for dagens fleirkulturelle samfunn. Denne kunnskapen er aktuell i mange samanhengar, også i skulen og i anna undervisning.

Studiet er delt inn i dei tre delemna verdsreligionar, religion og livssyn i dag, filosofi og etikk:

Del 1: Verdsreligionar
Delemnet er henta frå religionskunnskapen, og er konsentrert om verdsreligionane jødedom, islam, hinduisme, buddhisme og aust-asiatiske religionar. Delemnet omfattar også sentrale tekstar frå religionane.

Del 2: Religion og livssyn i dag
Delemnet kombinerer stoff frå religions- og livssynskunnskap, og er konsentrert om sekulære livssyn, nyreligiøsitet og dei religionsmøta som finn stad i ein globalisert tidsalder.

Del 3: Filosofi og etikk
Delemnet kombinerer stoff frå filosofihistorie og etikk. Det blir lagt vekt på både eit historisk og eit aktuelt perspektiv.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • om dei ulike religionane og livssyna i historisk perspektiv
  • om religionane sine heilage skrifter
  • om dei sentrale elementa i truslæra til dei store verdsreligionane og hovudtankane i dei sekulære livssyna
  • om korleis dei store verdsreligionane og dei sekulære livssyna blir praktisert i dag og reflektere over kulturmøta som skjer i det norske samfunnet
  • om nyreligiøse retningar i Noreg
  • om eit utval av eldre og nyare filosofar
  • om grunnleggjande etiske omgrep og normative etiske teoriar
Ferdigheiter
  • til å kunne analysere både innhaldet i religionane og livssyna og måten dei blir utøvd på, blant anna særskilt kunne drøfte islam sitt møte med Vesten
  • til å kunne drøfte religions- og livssyndialogen i Noreg
  • til å kunne formidle kunnskapane sine skriftleg
Generell kompetanse
  • grunnleggjande digital kompetanse
  • evne til å bruke kunnskapar og dugleikar sjøvstendig
  • evne til å nytte kunnskap og dugleik reflektert og kritisk i utdanning og yrke
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Fristar vert kunngjort ved studiestart i semesterplanen. Som for andre studium ligg det primære ansvaret for læringsutbyttet hjå studenten gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking på Canvas.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten
- ha fått godkjent to arbeidskrav innan fastsett frist

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.(http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Jonas Gamborg Lillebø
Studieavgift

kr. 4000

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Religion, livssyn og etikk, 2x15 stp nettstudium
  • Religion, livssyn og etikk, 4*15 stp nettstudium, deltid
  • Religion, livssyn og etikk, 4x15 stp nettstudium
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
2 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
2/3
Alle
Inntil 3000 ord.
Digital eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
1/3
Alle
Flervalgsprøve