Semestre
REL113 Tru og tradisjon
Ingen.
Emnet skal gi kunnskap om kristendommens historie. Det skal også gi kunnskap om reformasjontida og det konfesjonelle mangfaldet i tida etter. Studiet skal formidle kunnskap om kristendommen si rolle i moderne tid, i norsk og globalt perspektiv. Emnet skal gi kunnskap om kristen truslære i økumenisk perspektiv, og studenten skal få grunnlag for å vurdere både prinsipielle og aktuelle spørsmål omkring kristen etikk.
Dette emnet kombinerer studium av kristendommens historie med systematisk teologi. I dei to første delemna er perspektivet historisk, med vekt på arbeid med å formulere kristen tru og vedkjenning i skiftande kontekstar, frå urkyrkja til reformasjontida. I dei to neste er det kristen truslære og kristen etikk som er i fokus.
Del 1: Frå urkyrkje til reformasjonstid (3 p)
Delemnet framstiller kyrkja si utvikling frå å vere religiøs minoritet under fiendtleg statsmakt, til folkekyrkje med politisk makt. Det blir lagt vekt på oldkyrkja og mellomalderkyrkja si misjonerande verksemd fram til kristninga av Noreg. Studiet vert ført fram til reformasjonen i Danmark-Noreg.
Del 2: Kyrkjeleg mangfald (4 p)
Delemnet tek utgangspunkt i den lutherske, kalvinske og engelske reformasjonen og skal gje ei innføring i det protestantiske mangfaldet i nytida. Det vert lagt vekt på kyrkja og teologien sitt møte med nye vitskapar, sekularisering og demokratisering. Delemnet vil vidare gje ei framstilling av utviklinga frå reformasjonen til nyare tid i Noreg.
Del 3: Kristen tru (5 p)
Dette delemnet gjev innføring i truslære i ein luthersk læretradisjon. Ved sida av kjem ei truslære i økumenisk form som ei utlegging av den nikenske truvedkjenninga.
Del 4: Kristen etikk (3 p)
Delemnet gir ei kristen grunngiving av etikken, og drøftar nokre utvalde etiske tema. Det blir lagt vekt på følgjande delemne: Etikk og kristen tru; kristen etikk og anna etikk; menneskesyn og menneskeverd, familie og samliv; mennesket som forvaltar; arbeid og yrke; økonomi; naturen; politikk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- har kunnskap om den kristne kyrkja i oldtid, mellomalder, reformasjonstid og nytid.
- har kunnskap om kristendommen på eit anna kontinent.
- har kunnskap om hovudtrekka i luthersk kristendomsforståing i høve til andre konfesjonar
- kan vurdere verknaden av moderne vitskap på kyrkja si rolle i samfunnet
- kan drøfte prinsipielle og aktuelle etiske spørsmål med basis i det kristne normgrunnlaget
-
Undervisninga skjer gjennom førelesingar og seminar med ulike typar studentaktivitetar. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80%); jf. par. 4-6 i Forskrift om opptak. Studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Hovudansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten gjennom eiga lesing, oppgåveskriving, kunnskapsprøver, samarbeid med andre studentar og aktiv deltaking i undervisninga.
For å få gå opp til eksamen i emnet må studenten ha fått godkjent to faglege arbeid. Nærare opplysningar om tema, omfang og tidsfristar vert kunngjorde i undervisningsplanen ved starten av semesteret.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Bachelor i religion og livssyn
- Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
- Religion, kultur og samfunn 30 stp
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1/3 | Digital kunnskapsprøve | |||
Heimeeksamen | Individuell | 2 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 2/3 |