REL113 Tru og tradisjon
Emnet gjev kunnskap om kristen tru og tradisjon. Det presenterer historia åt kristendomen gjennom to tusenår. Emnet tek særleg føre seg reformasjontida og dei ulike kyrkjesamfunna i hundreåra etter. Det gjev kunnskap om truslæra i eit felleskristent perspektiv, og studenten skal få grunnlag til å vurdere både prinsipielle og aktuelle spørsmål omkring kristen etikk.
Dei to første delemna er historiske - med vekt på korleis tru og prasis har arta seg til skiftande tider. Dei to neste tek føre seg truslære og etikk.
Del 1: Frå urkyrkje til reformasjonstid
Delemnet framstiller kyrkja si utvikling frå forfølgd minoritet til folkekyrkje med politisk makt. Det vert lagt vekt på misjonsverksemda i oldtid og mellomalder, og studiet vert ført fram til reformasjonen i Danmark-Noreg.
Del 2: Kyrkjeleg mangfald
Delemnet tek utgangspunkt i den lutherske, kalvinske og engelske reformasjonen og gjev innføring i det protestantiske mangfaldet i nytida. Det vert lagt vekt på kyrkja og teologien sitt møte med nye vitskapar, sekularisering og demokratisering. Dette inkluderer ei framstilling av utviklinga frå reformasjonen til vår eiga tid i Noreg.
Del 3: Kristen tru
Delemnet gjev innføring i truslære etter luthersk tradisjon. Dette vert sett i ein felleskristen samanheng med vekt på den nikenske truvedkjenninga.
Del 4: Kristen etikk
Delemnet gjev ei kristen grunngjeving av etikken og drøftar utvalde tema som: Etikk og kristen tru, kristen etikk og anna etikk, menneskesyn og menneskeverd, familie og samliv, mennesket som forvaltar, arbeid og yrke, økonomi, naturen og politikk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten dette læringsutbytet etter fullført emne:
Etter fullført studium skal studenten ha
- kunnskapar om den kristne kyrkja i oldtid, mellomalder, reformasjonstid og nytid
- kunnskapar om kristendommen på eit anna kontinent enn Europa
- kunnskapar om hovuddraga i luthersk kristendomsforståing i høve til andre kyrkjesamfunn
Etter fullført studium skal studenten
- kunne vurdere verknaden av moderne vitskap på kyrkja si rolle i samfunnet
- kunne drøfte prinsippielle og aktuelle etiske spørsmål med basis i kristent normgrunnlag
Etter fullført studium skal studenten ha
- grunnleggande digital kompetanse
- evne til å bruke kunnskapar og dugleikar sjølvstendig
- evne til å nytte kunnskap og dugleik reflektert og kritisk i utdanning og yrke
Undervisninga skjer gjennom førelesingar og seminar med ulike typar studentaktivitetar. Hovudansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten gjennom eiga lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar og aktiv deltaking i undervisninga. Undervisninga er obligatorisk, sjå § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Nærare opplysningar om tema, omfang og tidsfristar vert kunngjorde i undervisningsplanen ved starten av semesteret.
For å få gå opp til eksamen i emnet må studenten
- ha fått godkjent to faglege arbeid og presentert det eine munnleg
- ha fått godkjent ei kunnskapsprøve innan ein frist som instituttet fastset
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Bachelor i religion og livssyn
- Historie - bachelor
- Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
- Religion, kultur og samfunn 30 stp
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1/3 | |||
Heimeeksamen | Individuell | 5 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 2/3 | Inntil 4000 ord. |