Semestre

REL113N-AVG Tru og tradisjon

Emnekode: 
REL113N-AVG
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Faith and Tradition
Emnenavn på bokmål: 
Tru og tradisjon
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Emnet kan vere del av Religion, livssyn og etikk 2x15 og 4x15 stp. nettstudium. Emnet gjev kunnskap om kristen tru og tradisjon. Det presenterer historia åt kristendomen gjennom to tusenår. Emnet tek særleg føre seg reformasjonstida og dei ulike kyrkjesamfunna i hundreåra etter. Det gjev kunnskap om truslæra i eit felleskristent perspektiv, og studenten skal få grunnlag til å vurdere både prinsipielle og aktuelle spørsmål omkring kristen etikk.

Dei to første delemna er historiske - med vekt på korleis tru og praksis har arta seg til skiftande tider. Dei to andre tek føre seg truslære og etikk.

Del 1: Frå urkyrkje til reformasjonstid
Delemnet framstiller kyrkja si utvikling frå forfølgd minoritet til folkekyrkje med politisk makt. Det vert lagt vekt på misjonsverksemda i oldtid og mellomalder, og studiet vert ført fram til reformasjonen i Danmark-Noreg.

Del 2: Kyrkjeleg mangfald
Delemnet tek utgangspunkt i den lutherske, kalvinske og engelske reformasjonen og gjev innføring i det protestantiske mangfaldet i nytida. Det vert lagt vekt på kyrkja og teologien sitt møte med nye vitskapar, sekularisering og demokratisering. Dette inkluderer ei framstilling av utviklinga frå reformasjonen til vår eiga tid i Noreg.

Del 3: Kristen tru
Delemnet gjev innføring i truslære etter luthersk tradisjon. Dette vert sett i ein felleskristen samanheng med vekt på den nikenske truvedkjenninga.

Del 4: Kristen etikk
Delemnet gjev ei kristen grunngjeving av etikken og drøftar utvalde tema som: Etikk og kristen tru; kristen etikk og anna etikk; menneskesyn og menneskeverd, familie og samliv, mennesket som forvaltar, arbeid og yrke, økonomi, naturen og politikk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbyte etter fullført emne:

Kunnskapar

- kunnskap om den kristne kyrkja i oldtid, mellomalder, reformasjonstid og nytid

- kunnskap om kristendommen på eit anna kontinent enn Europa

- kunnskap om hovuddraga i luthersk kristendomsforståing i høve til andre kyrkjesamfunn

Ferdigheiter
  • kan vurdere verknaden av moderne vitskap på kyrkja si rolle i samfunnet
  • kan drøfte prinsipielle og aktuelle etiske spørsmål med basis i kristent normgunnlag
Generell kompetanse
  • grunnleggande digital kompetanse 
  • evne til å bruke kunnskapar og dugleikar sjøvstendig
  • evne til å nytte kunnskap og dugleik reflektert og kritisk i utdanning og yrke
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er nettbasert. Det går over eitt semester og vert organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar, kunnskapsprøver og oppgåver. Kalenderen med innleveringsfristar og anna vert kunngjort i Canvas ved semesterstart.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å gå opp til eksamen må studenten ha fått godkjent to arbeidskrav innanfor dei fristane som vert opplyste ved semesterstart:

 

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Ralph Meier
Studieavgift

Kr. 4000 pr. 15 stp.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Religion, livssyn og etikk, 2x15 stp nettstudium
  • Religion, livssyn og etikk, 4*15 stp nettstudium, deltid
  • Religion, livssyn og etikk, 4x15 stp nettstudium
  • Religion, livssyn og etikk, opne emne
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
1/3
Flervalgsprøve
Alle
Heimeeksamen
Individuell
5 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
2/3
Inntil 4000 ord
Alle
Digital levering
Godkjent av: 
Anne Øie