Semestre

REL113N-AVG Tru og tradisjon

Emnekode: 
REL113N-AVG
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Dette emnet kombinerer studium av kristendommens historie med systematisk teologi. I dei to første delemna er perspektivet historisk, med vekt på arbeid med å formulere kristen tru og vedkjenning i skiftande kontekstar, frå urkyrkja til reformasjontida. I dei to neste er det kristen truslære og kristen etikk som er i fokus.

Delemne 1: Frå urkyrkje til reformasjonstid (3 p) 
 Delemnet framstiller kyrkja si utvikling frå å vere religiøs minoritet under fiendsleg statsmakt, til folkekyrkje med politisk makt. Det blir lagt vekt på oldkyrkja og mellomalderkyrkja si misjonerande verksemd fram til kristninga av Noreg. Studiet vert ført fram til reformasjonen i Danmark-Noreg.

Delemne 2: Kyrkjeleg mangfald (4 p) 
 Delemnet tek utgangspunkt i den lutherske, kalvinske og engelske reformasjonen og skal gje ei innføring i det protestantiske mangfaldet i nytida. Det vert lagt vekt på kyrkja og teologien sitt møte med nye vitskapar, sekularisering og demokratisering. Delemnet vil vidare gje ei framstilling av utviklinga frå reformasjonen til nyare tid i Noreg.

Delemne 3: Kristen tru (6 p) 
 Dette delemnet gjev innføring i truslære i ein luthersk læretradisjon. Ved sida av kjem ei truslære i økumenisk form som ei utlegging av den nikenske truvedkjenninga.

Delemne 4: Kristen etikk (2 p) 
 Delemnet gir ei kristen grunngiving av etikken, og drøftar nokre utvalde etiske tema. Det blir lagt vekt på følgjande delemne: Etikk og kristen tru; kristen etikk og anna etikk; menneskesyn og menneskeverd, familie og samliv; mennesket som forvaltar; arbeid og yrke; økonomi; naturen; politikk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ved fullført studium

  • har kunnskap om den kristne kyrkja i oldtid, mellomalder, reformasjonstid og nytid.
  • har kunnskap om kristendommen på eit anna kontinent.
  • har kunnskap om hovudtrekka i luthersk kristendomsforståing i høve til andre konfesjonar
Ferdigheiter
  • kan vurdere verknaden av moderne vitskap på kyrkja si rolle i samfunnet
  • kan drøfte prinsipielle og aktuelle etiske spørsmål med basis i det kristne normgunnlaget
Generell kompetanse
  • grunnleggande digital kompetanse 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er nettbasert, og primært lagt til rette i undervisningsprogrammet Fronter. Studiet går over eit semester og vert organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar og oppgåver. Fristar for innlevering av oppgåver, plan for utlegging av leksjonar osv. vert kunngjort ved semesterstart. Kontakt mellom student og faglærarane skjer på Fronter.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen skal studenten ha gjennomført følgjande arbeidskrav i emnet innanfor tidsfristar som vert opplyste ved semesterstart:

  • ha fått godkjent to kunnskapsprøver
  • ha fått godkjent tre faglege arbeid
Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Jostein Garcia de Presno
Studieavgift

Kr. 4000 pr. 15 stp.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Religion, livssyn og etikk, 2x15 stp nettstudium
  • Religion, livssyn og etikk, 4x15 stp nettstudium
  • Vidareutdanning for lærarar i religion, livssyn og etikk 2x15 stp, nettstudium
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
2 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Digital eksamen.
Alle
Inntil 3000 ord.