Semestre

REL113N-AVG Tru og tradisjon

Emnekode: 
REL113N-AVG
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Emnet kan vere del av Religion, livssyn og etikk 2x15 og 4x15 stp. nettstudium. Emnet gjev kunnskap om kristen tru og tradisjon. Det presenterer historia åt kristendomen gjennom to tusenår. Emnet tek særleg føre seg reformasjonstida og det konfesjonelle mangfaldet i hundreåra etter. Det gjev kunnskap om kristen truslære i eit økumenisk perspektiv, og studenten skal få grunnlag til å vurdere både prinsipielle og aktuelle spørsmål omkring kristen etikk.

Emnet kombinerer studium av kristendomshistoria med systematisk teologi. Dei to første delemna er historiske - med vekt på korleis tru og praksis har arta seg i skiftande kontekstar gjennom tidene. Dei to neste tek føre seg dogmatikk og etikk.

Del 1: Frå urkyrkje til reformasjonstid (3 p) 
Delemnet framstiller kyrkja si utvikling frå forfølgd minoritet til folkekyrkje med politisk makt. Det vert lagt vekt på oldkyrkja og mellomalderkyrkja si misjonerande verksemd, og studiet vert ført fram til reformasjonen i Danmark-Noreg.

Del 2: Kyrkjeleg mangfald (4 p) 
Delemnet tek utgangspunkt i den lutherske, kalvinske og engelske reformasjonen og gjev innføring i det protestantiske mangfaldet i nytida. Det vert lagt vekt på kyrkja og teologien sitt møte med nye vitskapar, sekularisering og demokratisering. Dette inkluderer ei framstilling av utviklinga frå reformasjonen til vår eiga tid i Noreg.

Del 3: Kristen tru (5 p) 
Delemnet gjev innføring i truslære etter luthersk tradisjon. Dette vert relatert til økumeniske perspektiv med vekt på den nikenske truvedkjenninga.

Del 4: Kristen etikk (3 p) 
Delemnet gjev ei kristen grunngjeving av etikken, og drøftar utvalde tema som: Etikk og kristen tru; kristen etikk og anna etikk; menneskesyn og menneskeverd, familie og samliv, mennesket som forvaltar, arbeid og yrke, økonomi, naturen og politikk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

 

  • kunnskap om den kristne kyrkja i oldtid, mellomalder, reformasjonstid og nytid
  • kunnskap om kristendommen på eit anna kontinent (enn Europa)
  • kunnskap om hovuddraga i luthersk kristendomsforståing i høve til andre konfesjonar
Ferdigheiter
  • kan vurdere verknaden av moderne vitskap på kyrkja si rolle i samfunnet
  • kan drøfte prinsipielle og aktuelle etiske spørsmål med basis i kristent normgunnlag
Generell kompetanse
  • grunnleggande digital kompetanse 
  • evne til å bruke kunnskapar og dugleikar sjøvstendig
  • evne til å nytte kunnskap og dugleik reflektert og kritisk i utdanning og yrke
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er nettbasert. Det går over eitt semester og vert organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar, kunnskapsprøver og oppgåver. Fristar for innleveringar, plan for utlegging av leksjonar osv. vert kunngjort ved semesterstart.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å gå opp til eksamen må studenten ha fått godkjent følgjande arbeidskrav innanfor dei fristane som vert opplyste ved semesterstart:

  • tre innleveringar
Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med Kvalitetssikringssystemet ved Høgskulen i Volda.(http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Per Halse
Studieavgift

Kr. 4000 pr. 15 stp.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Religion, livssyn og etikk, 2x15 stp nettstudium
  • Religion, livssyn og etikk, 4*15 stp nettstudium, deltid
  • Religion, livssyn og etikk, 4x15 stp nettstudium
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamen
Individuell
45 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
1/3
Flervalgsprøve
Alle
Heimeeksamen
Individuell
2 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
2/3
Inntil 3000 ord
Alle
Digital levering