Semestre
REL114N-AVG Religions- og livssynsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn
Ingen.
Emnet gir kunnskap om pedagogiske og didaktiske utfordringar knytt til mangfaldskulturen og undervisning i religion, livssyn og etikk i skulen. Emnet vil også gi innsikt i den oppseding og undervisning som finn stad i den kristne tradisjonen, så vel som i nokre andre tradisjonar med aukande tilslutnad i landet vårt. Emnet er delt inn i fire.
Del 1: Kulturanalyse – kulturmangfald
Emnet gir ei kort innføring i kulturomgrepet, i kulturmangfaldet i Noreg i dag og i modellar for kulturanalyse.
Del 2: Religions- og livssynsundervisning i skulen
Dette emnet tek for seg fagdidaktikk knytt til RLE i grunnskulen og til faget RE i vidaregåande skule. Ein vektlegg utfordringar som samtidskulturens religiøse og livssynsmessige mangfald representerer.
Del 3: Trusopplæring i kristendom, andre religionar og livssyn
Innføring i trusopplæring i kristendom, andre religionar og sekulære livssyn som er breitt representerte i Noreg.
Del 4: Forteljing og bilde
Emnet legg vekt på både teoretiske og praktiske aspekt. Ein vil bruke eksempel frå ulike religiøse tradisjonar og drøfte korleis ein kan bruke forteljing og bildekunst i opplæring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
• om religionsdidaktiske problemstillingar
• om ulike religionspedagogiske og religionspsykologiske tema
• om ulike teoriar knytt til livssyns- og identitetsdanning
• om trusopplæringstradisjonar i nokre utvalde religionar og livssynsorganisasjonar
• om korleis forteljingar og bilde blir forstått og brukt i ulike religionar og livssyn, og korleis dette kan brukast i undervisning
• til å kunne drøfte kva konsekvensar eit pluralistisk samfunn har for religionsundervisninga
• til å kunne drøfte kva som påverkar livssyns- og identitetsdanning
• grunnleggande digital kompetanse
Studiet er nettbasert og lagt til rette i læringsverktøyet Canvas. Studiet går over eit semester og vert organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar og oppgåver. Fristar for innlevering av oppgåver, plan for utlegging av leksjonar osb. vert kunngjort ved semesterstart. Kontakt mellom student og faglærarar skjer i Canvas.
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten
• ha bestått ei kunnskapsprøve innan ein frist som instituttet fastset.
• ha fått godkjent tre innleveringer knytt til eitt eller fleire av delemna innan fastsett frist.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
kr. 4000 pr. 15 stp.
- Religion, livssyn og etikk, 2x15 stp nettstudium
- Religion, livssyn og etikk, 4*15 stp nettstudium, deltid
- Religion, livssyn og etikk, 4x15 stp nettstudium
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 2 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Digital eksamen. | Inntil 3000 ord. |