Semestre

REL151N Religion og livssyn I

Emnekode: 
REL151N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med ulike overtydingar og tradisjonar lever saman, er kunnskap om religionar og livssyn viktig. Dette emnet gjev grunnleggande kunnskap om kristendom, islam, jødedom, hinduisme, buddhisme, sikhisme, nyreligiøsitet og sekulære livssyn. Vi ser både på historisk utvikling og på korleis religionane og livssyna vert tolka og praktiserte i dag. 

Innsikt i dette fagfeltet er relevant og nyttig i mange samanhengar. Særleg aktuelt kan det vere for arbeid i helse- og sosialsektoren, i media, i kultursektoren og i skuleverket. Saman med REL152N Religion og livssyn II dekkjer emnet fagområdet for KRLE i grunnskulen. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • om teoretiske perspektiv på religionar og livssyn 

  • om ulike religionar og livssyn i historisk og aktuelt perspektiv 

  • om heilage skrifter i religionane 

  • om hovudtankar og praksisar i religionar og livssyn 

  • om mangfald, ulike retningar og uttrykksmåtar i religionar og livssyn 

Ferdigheiter
  • kunne analysere problemstillingar knytte til religion og livssyn 

  • kunne formidle religions- og livssynskunnskap reflektert og sakleg  

  • kunne finne og vurdere informasjon og fagstoff om religionar og livssyn 

  • kunne skrive religionsfaglege tekster med reflektert kjeldebruk 

Generell kompetanse
  • ha evne til å nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk  

  • kunne diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt 

  • ha grunnleggande digital kompetanse i faget 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er heilt nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein kalender med tematiske modular som består av tekster, undervisningsfilmar, testar og arbeidskrav. Fristar vert kunngjorde ved studiestart i semesterplanen. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbytet gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking på Canvas.   

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav: For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha fått godkjent to skriftlege oppgåver kvar på 1500 ord til fastsett tidsfrist. 

 

Minimumstal: 
50
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Ragnhild Heidi Fauske
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - bachelor (nettstudium)
  • Religion, kultur og samfunn (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Max 3000 ord
Godkjent av: 
Arne Myklebust