Semestre

REL151N Religion og livssyn I

Emnekode: 
REL151N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Haust
Eksamenssemester: 
2022 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Religiøse og livssynsmessige overtydingar har betydning for korleis menneske tenkjer og handlar. I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med ulike overtydingar og tradisjonar lever saman, er derfor kunnskap om religionar og livssyn viktig. Men kva er religion og korleis uttrykkjer menneske religiøsiteten sin? I dette emnet drøftar ein desse spørsmåla.  

Emnet gjev grunnleggande kunnskap om kristendom, islam, jødedom, hinduisme, buddhisme, sikhisme, nyreligiøsitet og sekulære livssyn. Vi ser både på historisk utvikling og på korleis religionane og livssyna vert tolka og praktiserte i dag.   

Innsikt i dette fagfeltet er relevant og nyttig i mange samanhengar. Særleg aktuelt kan det vere for arbeid i helse- og sosialsektoren, i media, i kultursektoren og i skuleverket. Saman med REL152N Religion og livssyn II dekkjer emnet fagområdet for KRLE i grunnskulen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • om teoretiske perspektiv på religionar og livssyn 
  • om ulike religionar og livssyn i historisk og aktuelt perspektiv 
  • om mangfald, ulike retningar og uttrykksmåtar i religionar og livssyn
  • har kjennskap til ulike forståingar av religionsomgrepet og debattane om dette
  • om heilage skrifter i religionane 
  • om hovudtankar og praksisar i religionar og livssyn og korleis læring inn i slike praksisar skjer 
  • har kjennskap til nyare forskings- og utviklingsarbeid innan fagfeltet og kan såleis oppdatere kunnskapen sin
Ferdigheiter
  • kan anvende religionsfaglege kunnskapar og forskingsresultat  
  • kan analysere problemstillingar knytte til religion og livssyn   
  • kan finne og vurdere informasjon og fagstoff om religionar og livssyn 
  • kan skrive religionsfaglege tekster med reflektert kjeldebruk   
  • kan formidle religions- og livssynskunnskap reflektert og sakleg.  
  • kan nytte relevante digitale verktøy  
Generell kompetanse
  • har innsikt i relevante religionsfaglege og yrkesetiske problemstillingar  
  • har evne til å nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk   
  • skal kunne diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt  
  • har grunnleggande digital kompetanse i faget  og kan nytte denne til å oppdatere seg om aktuelle hendingar innanfor religion- og livssynsområdet lokalt og globalt 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er heilt nettbasert og lagt til rette i undervisingsverktyet Canvas. Studiet er fleksibelt og legg i stor grad opp til sjølvstudium gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking på Canvas. Undervisinga vert organisert med tematiske modular som består av tekster, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Studenten får rettleiing på arbeidskrav. Gjennom fagmøte med medstudentar og faglærarar i Zoom i sanntid får studentane høve til å drøfte faglege spørsmål. Tilsvarande legg vi til rette for faglege diskusjonar i Canvasforum. Fristar vert kunngjorde ved studiestart i semesterplanen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav: 

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha fått godkjent to skriftlege oppgåver kvar på 1500 ord til fastsett tidsfrist. 

Minimumstal: 
50
Maksimumstal: 
200
Emneansvarleg: 
Ragnhild Heidi Fauske
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - bachelor (nettstudium)
  • Religion og kultur - bachelor (nettstudium)
  • Religion, kultur og samfunn (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Alle
2500 ord (+/- 10%)
Godkjent av: 
Arne Myklebust